NRK Meny
Normal

Sogndal tapte 2 - 0 mot Lillestrøm

Sogndal håpte å sikre seg sin andre siger på bortebane i dag, då dei møtte Lillestrøm på Åråsen.

Lillestrøm ledar over Sogndal

MÅL: Lillestrøm har teke leiinga mot Sogndal på Åråsen.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Sogndal måtte gå av bana utan mål, og med to mål baklengs etter dagens kamp mot Lillestrøm.

FØLG KAMPEN MELLOM SOGNDAL OG LILLESTRØM DIREKTE FRÅ KLOKKA 18

– Dei tre siste kampane har vi møtt laga som tok gull, sølv og bronse i fjorårets Tippeliga. Det har vore jamne kampar, der vi har hatt høg intensitet. Klarer vi å gjenta det, og prestere ytterlegare eit hakk, så blir det siger, seier assistenttrenar, Tom Mangersnes.

Tom Mangersnes

POENG: Assistenttrenar Tom Mangersnes, håpar Sogndal startar poengfangsten i kampen mot Lillestrøm i dag.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Sogndal ligg nest sist på tabellen når to av kampane i helgas runde er sparka i gang. Lillestrøm ligg på 8. plass med åtte poeng. Dagens kamp er den sjuande i sesongen, og Sogndal har berre gått sigrande av bana ein gong. Også det på bortebane, mot Haugesund.

Dette er laget som skal møte Lillestrøm til dyst:

Erik Dahlin–Bjørn Inge Utvik, Azar Karadas, Gustav Valsvik–Taijo Teniste, Petter Strand, Helge Haugen, Rune Bolli Bolseth, Logi Valgardsson–Mahatma Otoo, Ulrik Flo

På benken:
Mathias Dyngeland, Hannu Patronen, Ørjan Hopen, Tonny Brochmann, Eirik Skaasheim, Ruben Holsæter, Kristoffer Nesse Stephensen

Startar gjerne poengsankinga i dag

Assistenttrenaren er ikkje uroa over den skrale poengfangsten til, men skulle sjølvsagt sett at laget hadde meir enn fire poeng.

– Ser ein sesongen under eitt, så er det sjølvsagt greitt å starte poengplukkinga no. Dersom vi presterer som vi har gjort i det siste, så er eg sikker på at Sogndal kjem til å ta mange poeng framover, og vi startar gjerne poenghaustinga i dag.

For Sogndal går på bana i dag for å vinne.

– Vi startar med same intensitet som vi hadde mot Haugesund, og som alle såg at vi også hadde i starten og slutten av kampen mot Rosenborg. Det blir ein tøff kamp i dag, men vi skal vere skjerpa og klare, seier Mangersnes.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast