Hopp til innhold

Sogndal har slanka og forynga seg

SOGNDAL (NRK): Over vinteren har spelarstallen til Sogndal blitt mindre og gjennomsnittsalderen gått ned. Ulrik Flo (30) og Ulrik Fredriksen (19) er sikre på at det betyr opprykk.

Ulrik Flo (t.v.) og Ulrik Fredriksen

ULRIK F-ane: Ulrik Flo (t.v.) og Ulrik Fredriksen gler seg til å starta årets sesong.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

Søndag startar årets fotballsesong for Sogndal med heimekamp mot Sandnes Ulf. Når dei sparkar i gang årets sesong har dei klart å bli det mange kosttilskots-annonsar fortel deg at du kan bli: slankare og yngre.

– No må me unge ta endå meir ansvar og dra lasset meir. Og sidan me er blitt færre i spelarstallen, er det færre å dela ansvaret på, seier Ulrik Fredriksen (19).

Då Sogndal tapte 3–1 i den avgjerande opprykkskampen mot Aalesund i fjor, hadde dei 26 mann i stallen. Gjennomsnittsalderen var 24,6 år.

Gamle ut – unge inn

Stallen tel no 23 mann som er speleklare for Sogndal, og gjennomsnittsalderen er nede i 22,7 år.

– Det har ikkje vore eit dedikert mål å få ned snittalderen. Det som er viktig er at me klarer å ha ei god blanding av unge og eldre spelarar. Og så er det klart at det kostar pengar å ha ein så stor stall, så av økonomiske omsyn har det vore eit mål å få ned talet på spelarar litt, seier Håvard Flo. Han er sportsleg leiar i klubben.

Kjetil Wæhler og Håvard Flo

WÆHLER UR: Kjetil Wæhler var ein av dei som drog opp snittalderen i fjor. Her saman med sportsleg leiar Håvard Flo.

Foto: Sogndal Fotball

Mange eldre spelarar har forlate klubben. Superveteran Kjetil Wæhler (42) takka for seg, og det same gjorde Bjørn Helge Riise (35) og Trond Olsen (34).

Sogndal har henta inn 36-åringen Steffen Ernemann, men snittalderen har framleis gått solid ned. Utan Ernemann ville snittalderen vore 22,1 år.

– Bygger de eit lag for framtida no med å kvitta dykk med fleire eldre spelarar og henta unn fleire unge?

– Ja, ein kan vel på ein måte seia det. Me har mange unge spelarar som lovar veldig bra, og eg håpar dei skal spissa olbogane, kjempa seg inn på laget og markera seg, seier Flo.

Halvparten så gamle erstattarar

Bjørn Helge Riise (t.v.) og Trond Olsen

UT: Bjørn Helge Riise (t.v.) og Trond Olsen er også ferdige i Sogndal.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Inn i A-troppen har ungfolar som Håvard Hetle (16) frå Breim, Sivert Mannsverk (16) frå Årdal og Eivind Helgesen (17) frå Sogndal kome.

Ulrik Fredriksen er framleis berre 19 år, men blir ein sentral spelar i sesongen som kjem.

– No har me unge fått endå ein sesong til å bli verkeleg varme i trøya, og kan ta meir ansvar, seier Fredriksen.

– No kan dei gi meir av seg sjølv og ta meir ansvar. Eg har vore der sjølv, og det gjekk bra då, så eg er sikker på at det går bra no også, seier namnebror Ulrik Flo (30).

– Blir det opprykk?

– Ja, kjem det enkelt og greitt frå begge to.

Spelarar som var og er på utlån er ikkje rekna med. Tala er baserte på Sogndal Fotball sine eigne heimesider for 21. oktober 2018 og no. Dei hadde 30 spelarar på kontrakt ved sesongslutt, der fire av dei var på utlån. No har dei totalt 26 spelarar på kontrakt, der tre er på utlån.