NRK Meny
Normal

To Sogndal-mål på to minutt kvarteret før slutt

(Årdal-Sogndal 0-4, 1. runde, NM-cupen). Sogndal hadde full kontroll og vann 4-0 mot Årdal i første runde av cupen. Dermed vart det med draumen om ei cupbombe for årdølane.

Se høydepunktene fra kampen her.

Allereie etter to minutt sende Otoo Sogndal i leiinga. Fardal Opset stussa gjennom til Ørjan Hopen, som la ballen ut i feltet til Otoo. Ghanesaren sette ballen sikkert bak Preben Gilleshammer i Årdal-buret. Sogndal hadde god kontroll før pause, og hadde fleire gode moglegheiter til å auke leiinga.

Første mål for Utvik

Etter 52 minutt sette Bjørn Inge Utvik inn 2-0 på ein retur, etter ein av fleire gode redningar frå Gilleshammer. Både Stephensen, Otoo og Utvik scora sine første mål for a-laget til Sogndal.

– Det var utruleg kjekt å få han i mål. No får vi håpe det vert fleire, seier Utvik.

Han har trur sigeren vert viktig for Sogndal.

– Det er alltid godt å vinne etter nokre dårlege resultat. Det var spesielt viktig at vi heldt nullen, det har vore litt mange baklengsmål. No ser det lyst ut, så vi får berre jobbe på inn mot kampen mot Haugesund.

– Og det vert ein spesiell kamp for deg?

– Det vert kjekt å møte gamleklubben og treffe gamle kjende. Det gler eg meg til, seier haugesundaren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sogndal målscorarar

FØRSTE MÅL: Berre Ørjan Hopen (nummer to frå venstre) har scora mål for Sogndal i ordinær kamp tidlegare. Kristoffer Stephensen, Bjørn Inge Utvik og Mahatma Otoo putta sine første i kveld.

Foto: Inge Kjell Holme / NRK

Nøgd Sogndal-trenar

Men det siste kvarteret viste Sogndal at det var divisjonsforskjell mellom laga. Etter rundt 75 minutt auka Ørjan Hopen leiinga til 3-0, før Kristoffer Stephensen heada inn 4-0 to minutt seinare.

Det enda med ein komfortabel siger, og det var Sogndal-trenar Jonas Olsson nøgd med.

– Dette var svært viktig. Eit tap her hadde vore tungt. Sjølv om vi ikkje fekk poeng, gjorde vi ein god kamp mot Strømsgodset sist kamp. Difor ville vi bygge vidare på den gode kjensla.

Han er nøgd med laget sitt i det han karakteriserer som ein vanskeleg kamp.

– Eg er veldig glad for innsatsen i dag, for vi møtte eit godt organisert lag.

Årdal hadde lenge eit håp om å skape spenning i kampen med eit mål mot slutten av kampen. Og etter ein times spel fekk dei sjansen, men Preben Stypet trefte tverrliggaren.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

Her kan du sjå måla opp att, og i tillegg sjå fleire høgdepunkt. Redigering Arne Stubhaug

Tapte 4-0 også i 2010

I 2003 vart seniorlaga på Årdalstangen og i Øvre Årdal slegne saman til Årdal FK. Siste gongen Årdal FK har møtt Sogndal i cupen var i 2010. Då vann Sogndal 4-0 i Øvre Årdal.

Dagens trenar i Årdal FK, Frank Øyre, var sjølv med på å møte Sogndal for 17 år sidan på Jotun stadion.

– Då tapte vi 1–0 på eit sjølvmål. Då var både eg og Ivan Øy med, så det hugsar vi godt begge to.

– Dette blir kjekt

Ivan Øy var etter det nokre år i Sogndal, no er han trenar i Årdal FK, saman med Frank Øyre og Ørjan Stedje Ylvisåker.

– Det blir ei spennande utfordring for oss, det er ikkje kvar dag vi møter tippeligaspelarar. Det blir kjekt både for trenarar, spelarar, støtteapparat og ikkje minst for årdalspublikum, seier Øyre før kampen.

For med unnatak av cupkampen mot Sogndal i 2010 er det nokre år sidan sist det var eit tippeligalag i ein ordinær kamp på Jotun stadion. Det var i 2001, då Brann slo ut Jotun med 4–0 i første runde i cupen framfor 1503 tilskodarar.

Året etter måtte Jotun til Sogndal for å spele andrerundekamp. Også i den kampen vart det 4-0-tap. Dagens sportslege leiar i Sogndal, Håvard Flo, sette inn det eine målet.

– Eg hugsar godt kampen, ja. Det var liv og røre, både på og utanfor bana på Fosshaugane. Ein fantastisk kveld og kamp, minnest Flo.

Hugsar godt cup-bomba

Sogndølene har ikkje gløymt 1. mai for to år sidan, då Florø-juniorane sende Sogndal hovudstups ut av cupen med 3-0, og ein skuffa Eirik Bakke proklamerte at «denne kampen må vi berre gløyme så fort som mogleg».

– Vi fekk smake litt på lokalfotballen, ja. Vi har bra fokus, og har teke lærdom av episoden i Florø, seier Flo.

– Skal mykje til, men ...

Før kampen hadde ikkje Frank Øyre den store trua på at laget hans skulle greie å overliste Sogndal, sjølv om sogndølene har kome dårleg i gang i Tippeligaen i år.

Øy og Øyre

SKAL ALDRI SEIE ALDRI: Trenarane f.v. Ivan Øy og Frank Øyre er spente framfor kampen i morgon.

Foto: privat

– Det skal mykje til, så ærlege må vi vere. Men fotballen er rund, og om dei dett eit par hakk, og vi hevar oss eit par hakk, så skal ein aldri seie aldri. Det har skjedd større under.

Årdal starta årets 3. divisjon måndag med å vinne 3–1 over sunnmørslaget Larsnes/Gursken heime på Jotun stadion, og har med andre ord kome betre i gang med sesongen enn Sogndal.

I fjor kom Sogndal til fjerde runde i cupen. Då vart det tap 3–1 mot Vålerenga.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen