Sogndal fornyar ikkje med Karadas

Sogndal Fotball vil ikkje sikre seg Azar Karadas sine tenester også til neste sesong.

Azar Karadas

SLUTT: Azar Karadas spelte truleg sin siste kamp for Sogndal då laget sikra eliteseriekontrakten med 2-0 over Brann.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Eidaren vart henta inn i sommar og gjorde i haust nytten både som midtstoppar og spiss då Sogndal berga plassen i eliteserien.

Kontrakten med Sogndal gjekk ut etter sesongslutt. Per no er det ingenting som tyder på at dei kvite og svarte ynskjer å ha Karadas med inn i 2013-sesongen.

– Det er ikkje noko konkret frå vår side, og samstundes trur eg også at Azar vurderer andre tilbod utanom Sogndal, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

Fokus på Valsvik

Sogndal-trenar Jonas Olsson og keeper Erik Dahlin

KEEPER: Trenar Jonas Olsson med sin nye keeper, Erik Dahlin.

Foto: Arve Uglum / NRK

Karadas fekk sju kampar og eitt gult kort i tida med Sogndal. Fleire klubbar skal ha vist interesse , men 31-åringen har så langt ikkje ynskt å kommentere framtidsplanane. Det har ikkje lukkast NRK.no å få kontakt med verken Karadas eller rådgjevaren hans, Jack Karadas.

Sogndal Fotball presenterte tysdag Erik Dahlin (23) som sin nye sisteskanse neste sesong. Svensken signerte treårskontrakt som Kenneth Udjus sin erstattar når han reiser til Lillestrøm.

Flo seier at det per no ikkje er fleire spelarar på veg inn eller ut av klubben, og at dei ynskjer å fokusere på å sikre seg tenestene til midtstoppar Gustav Valsvik.

Fokus på Valsvik

Gustav Valsvik

I ENGLAND: Gustav Valsvik opplever stor interesse frå både engelske og norske klubbar.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Den 19 år gamle U21-landslagsstopparen har i ei veke trena med den engelske meisterskapsklubben Nottingham Forest . Fleire engelske og norske klubbar har vist stor interesse for den kontraktlause vikjen som vert rekna som eit av landets største midtstoppartalent.

Flo både håpar og trur at partane kjem til semje slik at Valsvik blir i stallen også neste sesong.

– Vi håpar han ynskjer å vere med oss ein periode til framover, til han blir klar for endå større oppgåver. Alle er positive til å få dette i land, og vi håpar å formalisere det i nær framtid, seier Flo.

Stilt rundt Badji

Stephané Diarra Badji er av mange løfta fram som eit potensielt salsobjekt før Tromsø vitjar Fosshaugane 17. mars neste år. Flo seier dei førebels ikkje har fått konkrete førespurnader på midtbanespelaren.

Stephane Diarra Badji

HAPPY: Senegalesaren Stephané Diarra Badji er ifølgje Flo nøgd med sin nye kontrakt.

Foto: Arve Uglum / NRK

Badji kom til Sogndal som læregut, men har tidvis levert svært godt spel for eliteserielaget. Før spelarane vart dimitterte etter sesongslutt, vart Badji og Sogndal samde om kontraktsmessige justeringar, som mellom anna justerte løna til spelaren.

– Han var veldig glad for initiativet, og dette vil nok hjelpe han til å sjå på eit litt lengre fokus. Stephané er happy og innstilt på å køyre å vidare med oss og jobbe å knallhardt, seier Flo.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.