Hopp til innhold

Så møtte overraskingslaget veggen

SOGNDAL - ÅSANE 3-0 (NRK): Sogndal fekk overraskingslaget Åsane kraftig ned att på jorda. Etter 90 minuttar på Fosshaugane er Eirik Bakke sine disiplar den nye serieleiaren i 1. divisjon.

Sogndalspelarar

JUBEL: Sogndal var det dominerande laget og vann fullt fortent over Åsane.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Nyopprykka Åsane hadde ikkje tapt ein einaste kamp. Før dei kom til Sogndal og Fosshaugane.

Laster innhold, vennligst vent..

Eit tannlaust bortelag gav Stefan Hagerup ein roleg start på debuten mellom stengene . I andre enden fekk Eirik Østgaard langt meir å hengje fingrane i utover kampen. For det var Sogndal som var det førande laget og produserte det som var av sjansar.

Kampen var berre fem minuttar gamal då Jim Johansen lempa ballen lekkert i vinkelen frå hjørnet av 16-meteren.

Jim Johansen har gitt Sogndal 1-0 over Åsane

PERLER: Jim Johansen gav Sogndal både 1–0 og 3–0 med sine langskot i vinkelen.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

20 minuttar seinare serverte Lars Christian Kjemhus ballen til Robin Shroot. Briten sette fart og tråkla seg gjennom Åsane forsvaret før han sette ballen under Østgaard og via stanga til 2–0.

Målscoraren hadde knapt blitt presentert over speakeren, før Johansen kopierte seg sjølv. Harstadværingen fekk ballen på høgrekanten og drog seg innover før han på nytt avslutta i vinkelen.

Stillinga stod seg til pause.

Fire minuttar etter kvilen testa Ulrik Flo skotfoten frå spiss vinkel, men Østgaard avverja til corner.

Sogndal heldt fram dominansen og gjestene frå Åsane sleit med å komme seg forbi eit kompakt heimeforsvar.

Heilt til ein feilpasning frå Ulrik Flo gav oransjetrøyene sin første store sjanse etter timen spelt. Haakon Lorentzen fann Niklas Lerpold, men ein Hagerup i full strekk fekk lempa ballen over til corner.

Heimelagets Shroot kunne blitt kveldens andre tomålsscorar då han åleine med Østgaard avslutta i stanga etter 70 minuttar. Under minuttet seinare sende Flo eit Shroot-innlegg høgt over eit tilnærma ope Åsane-mål.

Dei siste 20 minuttane bølgja spelet fram og tilbake, utan at dei heilt store sjansane til nokon av laga.

Laster innhold, vennligst vent..