Hopp til innhold

Sogndal får refs frå islandsk klubb

Sogndal Fotball får no kritikk av ein islandsk fotballklubb.

Håvard Flo

FÅR REFS: 'Assistenttrenar Håvard Flo og resten av Sogndal får kritikk av ein islandsk klubb.

Foto: Rune Fossum / NRK

Sogndal ville hente den islandske fotballspelaren Alexander Magnusson for å teste han ut. Men klubben skal ha sendt flybillettar for å komme til prøvespel, utan at klubben Grindavik på Island hadde gitt løyve. Det skriv VG Nett.

Trenar for Grindavik, Gudjón Thórdarson, seier til avisa at sogningane tok kontakt med tanke på å få 22-åringen på prøvespel.

– Dette sa vi nei til. Deretter høyrde eg at han hadde fått flybillettar og skulle reise til Sogndal. Vi sa igjen nei, og han blei verande her, fortel trenaren.

Håvard Flo i Sogndal Fotball seier det ikkje var meininga å gjere noko gale.

– Det var ei misforståing og vi ville aldri lure noko, seier han til nettavisa.