Hopp til innhold

Sogn håpar på 850 arbeidsplassar

Søppel, tømmer, transport og vinterproduksjon av mat kan skape fleire hundre arbeidsplassar i Lærdal, Høyanger og Gulen. Ei grøn industrisatsing er på veg i Sogn.

Hallvard Thomassen

STOR TRU: Hallvard Thomassen er dagleg leiar og styreleiar i nyskipa Ecoinwaste AS.

Foto: Henrik Agledal / NRK

Dei to selskapa Ecoinwaste AS og WoodInvest AS er etablert med kontoradresse i høvesvis Kaupanger og Høyanger.

Begge selskapa vil utnytte råstoff som det finst mykje av i fylket, men som i dag blir køyrt ut av landet. Døme er tømmer og avfall, som blir køyrt til Sverige for attvinning. Målet er at attvinninga skal skje i Sogn og skape energi, trelast og andre trebaserte produkt, primært for eksport.

NRK kjenner til at aktørane håpar dette kan føre til mellom 850 og 1000 nye arbeidsplassar langs kysten og i Sogn.

– Det dreiar seg om å grøn industri. Å nytte råstoff vi alt har til attvinning og til å skape lokale arbeidsplassar, seier Hallvard Thomassen, dagleg leiar og styreleiar i Ecoinwaste as.

Knutepunktet Håbakken

Selskapet vil bygge ein varmesentral på Håbakken i Lærdal der avfall frå Simas skal skape energi som kan tørke flis og produsere pellets. Varmen kan i tillegg bli nytta i drivhus, slik at matproduksjonen i Lærdal kan skje heile året.

Det andre selskapet, WoodInvest, har fokus på tømmer og avfall, og utvikling av transport med lekterar på Sognefjorden og skip ut av landet. Transporten skal frakte tømmer og pellets.

Varmeanlegg på Håbakken

ANLEGG: Førebelse skisser over varmesentralen på Håbakken slik det vart presentert under eit møte i Lærdal rådhus tidleg i august.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Lønnsemda heng saman med korleis vi kan få logistikken til å fungere. Dette er noko vi skal undersøkje. Våren 2017 skal vi bestemme oss om vi går vidare eller ikkje, seier styreleiar Harald Kjelstad i WoodInvest as.

Aktivitet i kommunane

Går alt i orden kan følgjande bli realisert i kommunane, basert på planane selskapa arbeider med og kven som er aksjonærar:

Lærdal: varmesentral på Håbakken, tørking av sagflis og produksjon av pellets for eksport, vinterproduksjon av mat, auka transport på land og til sjøs, aktivitet i hamn.

Høyanger: administrasjon, auka hogst og uttak av tømmer, transport på fjorden med til dømes lekterar, transport på land.

Gulen: vidare industriutvikling i Skipavika, skipstransport for eksport, hamn. Det må truleg på plass eit anlegg for å utvikle produkt av tømmer.

Gaular: auka aktivitet innan transport på land.

I tillegg må det på plass ein storkai på sørsida av Sognefjorden. Og det kan bli behov for eit hurtigproduserande sagbruk.

Sogn kan fp 850 arbeidsplassar

SAMARBEIDSGRUPPE: Møte med kanadiske Eco Waste Solutions denne veka. F. v. Knute Foss, Jean Lucas, Aaron Slater, Lars Petter Nesse, Jøril Hovland, Hallvard Thomassen og Agnar Hellenes.

Foto: Privat

Heile Sogn

Bak WoodInvest står 12 offentlege og private aksjonærar frå Gulen, Høyanger, Gaular og Lærdal. Mellom anna Gulen kommune, næringsutviklingsselskapa i Høyanger og Lærdal, samt Simas. Styreleiar er Harald Kjelstad og nestleiar er Liv Signe Navarsete.

Bak Ecoinwaste står avfallsselskapet Simas og dermed alle kommunane i Sogn regionråd.

– Heile Sognefjorden samarbeider om dette. Dette er den nye, sirkulære økonomien, det grøne skiftet. Vi prøver å setje i verk det alle pratar om i festtalane, seier Kjelstad.

Han torer ikkje talfeste arbeidsplassar overfor NRK.

– Det er eit ambisiøst prosjekt. Dersom vi klarer å realisere dette, vil ringverknadane bli store for Sogn og Fjordane og for andre delar av landet, seier han.

Sogn kan få 850 arbeidsplassar

ORIENTERTE: Formannskapet i Lærdal fekk denne veka orientering av administrerande visedirektør Jean Lucas i kanadiske Eco Waste Solutions som skal tungt inn på eigarsida.

Foto: Privat

Frå Canada

Torsdag var representantar frå det kanadiske selskapet Eco Waste Solutions i Sogn og orienterte om varmeanlegget på Håbakken. Selskapet skal levere anlegget og vil gå inn på eigarsida.

Petter Sortland

POSITIVT: Petter Sortland er leiar av Sogn Regionråd og ordførar i Høyanger.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

I prosjekta til WoodInvest har fylkeskommunen ei viktig rolle gjennom Tredrivar-prosjektet.

Regionrådsleiar og ordførar i Høyanger, Petter Sortland, er spent på utviklinga.

– Dette er eit veldig godt prosjekt for Sogn. Vi får utnytta fjorden i mellom oss og ressursane våre, i staden for å sende det til Sverige.