Hopp til innhold

– Det går ikkje med sommardekk i fjellet i Sør-Noreg no

Ekstremvêret «Knud» vil også herje i fjellet i Sør-Noreg. Snø og storm kan stenge fleire fjellovergangar i helga. – Det går ikkje med sommardekk i Sør-Noreg no, seier Statens vegvesen.

Fylkesveg 50 - Aurland Hol

MYKJE SNØ: Slik ser det ut på fjellovergangen fylkesveg 50 Aurland–Hol fredag føremiddag.

Foto: Statens vegvesen

Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet, fylkesveg 50 mellom Aurland og Hol og E16 over Filefjell er alle dekt av snø fredag føremiddag. Og ein skal ikkje sjå bort ifrå at det kjem ein god del meir snø det kommande døgnet.

Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel om vanskelege køyreforhold i fjellet i Sør-Noreg. Farenivået er heva til raudt for vindkasta som er venta over Austlandet på fredag.

Vegtrafikksentralen har fått fleire meldingar om snø frå både bilistar og brøytesjåførar.

– Det er vekslande køyreforhold, men det går ikkje med sommardekk i fjellet i Sør-Noreg no, seier Trafikkoperatør i Vegtrafikksentralen region vest, Tom Hansen.

– Viss det kjem meir snø med den vinden som er meldt, kan vi måtte stenge nokre fjellovergangar, seier Hansen.

Sjekk fjellovergangane:

  • Rv 52 Hemsedalsfjellet: Open. Vekslande snøslaps, bert og vått.
  • Rv 13 Vikafjellet: Open.
  • E16 Filefjell: Open. Snøslaps, fare for glatte parti.
  • E134 Haukelifjell: Open.
  • Fv 50 Hol–Aurland: Open. Vekslande snøslaps, bert og vått.
  • Fv 51 Valdresflye: Open. Somme stader snødekke
  • Fv 53 Tyin–Årdal: Open. Vekslande snøslaps, bert og vått.
  • Rv 15 Strynefjellet: Open.
  • Rv 7 Hardangervidda: Open.
  • Fv 243 Aurlandsfjellet: Stengt grunna uvêr sidan 20.9.
  • E6 Dovrefjell: Open.
  • Fv 27 Venabygdsfjellet: Open.
Hemsedalsfjellet, snø

KVITT i VEGBANA: Riksveg 52 Hemsedalsfjellet.

Foto: NRK-tipsar