Hopp til innhold

Snart møter du sjukepleiarar hos fastlegen

NORDFJORDEID (NRK) No skal sjukepleiarane gjere storinnrykk til legekontora. Målet er at du skal få betre tid og meir hjelp på legesentera.

Eid legekontor

SPENTE: Kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld og avdelingsleiar Linda Gotteberg.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Vi trur at pasientar som har fleire sjukdomar, kronisk sjuke, eller som har psykiske helseutfordringar kan få betre hjelp om dei blir møtt av eit team på legekontora, seier helseminister Bent Høie (H).

Framover skal helseministeren teste ut ei ny arbeidsform på legekontora. Åtte kommunar og tre bydelar i Oslo skal vere pilotkommunar dei neste tre åra.

Det skal tilsettast ein sjukepleiar per tredje lege. Desse skal dele arbeidet med pasientane mellom seg. Målet er at folk skal få tettare oppfølging enn det mange fastlegar rekk over i dag.

Kan skape eit betre tilbod til mange

– Vi er spente, for vi har ikkje gjort dette før, seier kommuneoverlege i Eid Thomas Vingen Vedeld.

Mange klarar seg med fem minutt hjå legen, andre treng meir hjelp, stell og råd.

– Tilbodet kan bli breiare og meir omfattande. Det gjeld særleg pasientar som krev mykje oppfølging, seier Vedeld.

Henta inspirasjon i Flora

Pilotkommunane er Rana, Ørskog, Eid, Flora, Hå, Ringsaker, Seljord, Kristiansand og Oslo (bydelane Alna, Nordstrand og Sagene).

Helseminister Bent Høie forklarar at han har henta inspirasjon frå Flora kommune, der ein var tidleg ute med å samlokalisere fastlegane med andre helsetenester i eit samla senter.

– Dette er veldig inspirert av måten ein alt jobbar på der, seier Høie.

Skal bygge på legekontoret

På Nordfjordeid er ein no i gang med å bygge på legekontoret for å få plass til fleire helsearbeidarar.

– Vi veit jo at god helse i lokalbefolkninga er den beste investeringa ein kan gjere, seier avdelingsleiar i Eid kommune Linda Gotteberg.

Eid legekontor

BYGGER PÅ: F.v. Linda Gotteberg, Thomas Vingen Vedeld og Alfred Bjørlo.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Ordninga inneber ein sjukepleiar for kvar tredje fastlege. Ordførar Alfred Bjørlo (V) er godt nøgd med at innbyggarane no får teste ut systemet.

– Vi trur dette kan gjere at folk får meir hjelp tidlegare, i tillegg kan dette gjere fastlegeordninga meir berekraftig.

Vil rulle ut ordninga i heile landet

No ventar helseministeren spent på resultat. Målet er at alle i heile landet skal få eit slikt tilbod.

Bent Høie

HAR TRUA: Helseminister Bent Høie (H).

Foto: Pedersen, Terje / NRK

– No gjeld det at piloten viser det som vi trur, at dette gir betre hjelp til dei som i dag ikkje får god nok hjelp, og at arbeidsdelinga fungerer. Om dette slår til så er dette noko som bør rullast ut i heile landet, seier Høie.