Hopp til innhold

Snart kan denne ferjestrekninga vera historie

SOLUND (NRK): – Ei bru over ytre Steinsundet vil ha alt å seie for lokalsamfunnet, seier ordførar i Solund, Gunn Mongstad (Sp).

Ferje i Solund

OVER OG UT?: Får ordføraren og innbyggjarane i Solund det som dei vil, er ferjesambandet Daløy-Haldorsneset historie om få år.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

16 ferjeavgangar kvar veg, på sambandet Daløy-Haldorsneset, med siste avgang rett før klokka ni på kvelden. Det er situasjonen for dei fastbuande på Ytre Sula i Solund kommune. No kan kvardagen bli mykje enklare.

– Det er eit prosjekt som vil knytte heile Solund saman, seier Mongstad.

For aldri før har dei vore nærare å få oppfylt draumen om ei bru over sundet.

Vil gjere kvardagen rettare

Ei av dei som ser fram til å få bru på plass er Marianne Kårstad. Ho og familien har nettopp bygd seg hus på søre Hjønnevåg i Ytre Sula. Mannen hennar tek dagleg ferja over til Hardbakke på jobb. Ei bru hadde betydd mykje.

Marianne Kårstad

OPTIMIST: Marianne Kårstad håpar på å få ei bru på plass.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

– Viss vi skal noko på ettermiddagen og kvelden er det ikkje lett å kome seg heim. Ei bru ville gjort kvardagen mykje lettare, seier Kårstad.

Og det med aktivitetar på kveldane er noko ordføraren også poengterer.

– Vi har 10–12 elevar i 10.- klasse, dei bur alle plassar i kommunen og om det er ein eller to som ikkje kan vera med på noko på kveldstid så gjer det noko med heile fellesskapet, seier Mongstad.

Har topp prioritet

Men det er framleis ei stund før ei bru vert ein realitet, men leiar i hovudutval for samferdsel i Sogn og Fjordane, Noralv Distad (H), er positiv.

– Dette har vore topp prioritet. Vi har gått gjennom det som går på planlegging og detaljar på det, då håper vi at dette skal bli realisert, seier han.

Då det vart gjort eit overslag over kostnadane for prosjektet i 2011 viste det at ei bru vil koste nær 350 millionar kroner.

Ny bru