Hopp til innhold

Velkommen til «Fort Fosshaugane»

Fredrikstad var siste laget som reiste frå Sogndal med alle poenga. Nær eitt år etter kjem Viking på besøk til Fosshaugane.

Fosshaugane Campus

UTAN TAP: Her på Fosshaugane har ikkje Sogndal tapt sidan 26. juni 2011.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Tarik Elyounoussi var siste spelar som sikra bortelaget alle poeng i Sogndal. Det skjedde 26. juni i fjor. Sidan har saftlaget spelt 11 strake seriekampar på Fosshaugane utan å tape.

Den statistikken er fotballspelarane til Sogndal svært lystne til å strekkje i alle fall ein kamp til. Sist reiste regjerande seriemeistrar Molde frå Fosshaugane utan poeng .

– Det høyrest ikkje ut som om det er noko grunn til å bryte den. Det hadde vore kjekt å halde den statistikken og framleis vere uovervunnen heime, seier midtbanespelar Henrik Furebotn.

Statistikken mot seg

Ole Gunnar Solskjær og Håvard Flo

STATISTIKK: Ole Gunnar Solskjær og Molde var det siste laget som reiste frå Fosshaugane utan poeng. Her saman med Håvard Flo.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Og søndag er det eit ustabilt Viking-lag som gjestar Sogndal. Åge Hareide sine disiplar må seiast å ha underprestert med sine åtte poeng og ein beskjeden 11. plass.

Gjestene frå oljebyen har statistikken med seg. Sist Sogndal slo siddisane var i 1994. Sidan Atle Torvanger vart matchvinnar med kampens einaste mål, er det blitt sju seriekampar på Fosshaugane. Fire av desse enda med Viking-siger.

– Vi er ikkje blåaugde og naive. Viking er eit bra lag, sjølv om dei hadde håpa på ein betre start, seier toppspelarutviklar, og assistenttrenar, Håvard Flo.

(Artikkelen held fram under avstemminga)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Skal herje med Viking

Etter seks kampar utan tap i serien gjekk Sogndal på ein smell i cupen borte mot Florø . Tapet vart tilsvarande stort (3-0) då turen gjekk til Drammen og serieleiar Strømsgodset.

At tapet skulle komme før eller seinare var ein budd på. No handlar det om å komme seg tilbake på sporet, noko Sogndal er meir enn sugne på gjere mot Viking.

– Vi skal ut å vere offensive, vi skal ut og angripe situasjonen og forhåpentlegvis herje mot Viking. Vi legg oss ikkje bakpå. Vi skal få kampen inn i vårt spor, seier Flo.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tonny Brochmann Christensen, Henrik Furebotn, Ulrik Flo og Eirik Skaasheim

JUBEL: Henrik Furebotn (nr. to frå venstre) håpar på meir å juble for når Viking kjem på besøk søndag.

Foto: Oddleif Løset / NRK

«Terrieren» er tilbake

Vikings manager Åge Hareide (t.v) i samtale med Vikings Martin Ørnskov

I MOTGANG: Åge Hareide (t.v.) og Viking har tapt to av sine tre siste kampar.

Foto: Skibstad, Kent / Scanpix

Furebotn måtte stå over toppoppgjeret i Drammen førre helg . Det er ei stor overrasking om han ikkje stiller på midtbana mot Hareide & co på søndag.

Flo vedgår at dei høge brota til årdølen var eit sakn mot Strømsgodset.

– Henrik tilbake på bana, som den sinte terrier han er, er viktig for oss. Han dekkjer store område, godt tempo og er veldig flink til å gjere val med ballen. Vi merka at han ikkje var med mot Godset, seier Flo.

– Vi må heve oss

– Eg ventar at vi går ut og leverer tilsvarande som vi gjorde i andreomgangen mot Molde. Vi skal styre kampen, og forhåpentlegvis ta tre poeng. Men då må alle opp nokre hakk frå førre kamp, legg Furebotn til.

Flo vel på si side statistikk vere statistikk. Både når det gjeld den som viser styrkeforholdet mellom Sogndal og Viking, og ikkje minst når det gjeld «Fort Fosshaugane».

– Det tenkjer eg ikkje så mykje på. Det handlar om å leve i nuet–å fokusere på kampen vi skal ha. Når den er over, så er det å sjå inn mot neste kamp, avsluttar han.