Hopp til innhold

Slutta i lærarjobben for å lage undervisningsopplegg på heiltid

LEIRVIK (NRK): I ein krevjande kvardag rekk ikkje alle lærarar å lage omfattande undervisningsopplegg. Maren Lie Malmo gir dei moglegheita til å kjøpe seg tid.

Maren Lie Malmo på kontoret

KONTORET: Maren Lie Malmo lagar undervisningsopplegg til lærarar.

Foto: Synne Ulltang / NRK

– Eg får heilt bakoversveis over responsen. Det viser jo at det er eit stort behov, seier Lie Malmo.

Framfor dataskjermen i Leirvik i Sogn lagar og publiserer ho undervisningsopplegg som lærarar over heile landet kan kjøpe og nytte. Det har ho halde på med i tre år.

–Det starta med at eg brukte alt sjølv. Så hadde eg permisjon fordi eg fekk ein son, og fekk moglegheita til å lage mykje undervisningsopplegg. Og etter det har det tatt litt av, smiler Lie Malmo.

No er over 200 000 besøkande frå heile landet innom nettstaden Malimo.no kvar månad. Salet av undervisningsopplegg går så bra at den tidlegare læraren kan leve av det.

Plakatar, kalendrar og diplom på kontoret til Maren Lie Malmo

IDEAR: Nokre av produkta Maren Lie Malmo har laga.

Foto: Synne Ulltang / NRK

Tek betalt

I byrjinga fekk Maren Lie Malmo kritikk for at ho tok betalt. Slik det er i dag kan den enkelte lærar kjøpe og nytte materiale i eigen klasse, eller skulen kan inngå ein avtale om skulelisens.

Ei som har betalt av eiga lomme er lærar ved Førde barneskule, Ina Nesbø.

– Eg gjer det for å lette på min eigen kvardag, og så får andre velje kva dei vil. Men det er klart, hadde vi hatt ein skulelisens, så hadde det vore betre, seier Nesbø.

– Eg bruker veldig mykje lærebøker, der eg synest lærebøkene er gode. Men det er godt å ha opplegga til Maren Lie Malmo å supplere med når eg føler lærebøkene ikkje strekk til, seier Nesbø.

Ina Amanda Nesbø står i klasserommet.

TIDSSPARANDE: Lærar Ina Nesbø synest det er greitt å betale for undervisningsopplegg.

Foto: Synne Ulltang / NRK

Ikkje bekymra for framtida til læreboka

Forlagsdirektør i Gyldendal Undervisning, Ulv Pedersen, er ikkje bekymra for framtida til læreboka, og ønskjer nettstader som Malimo velkommen.

– Slik konkurranse ønsker vi sjølvsagt velkommen. Mange forlag starta på nettopp denne måten som skrivebordsforlag, fortel Pedersen.

– Nesten alle våre forfattarar og fagredaktørar har lærarbakgrunn, og mange forfattarar jobbar framleis i skulen som lærarar. I tillegg bruker vi lærarar som konsulentar og deltakarar på workshop og fokusgrupper når vi utviklar våre læreverk, seier Pedersen.

Forlagsdirektør i Gyldendal Undervisning Ulv Pedersen

IKKJE BEKYMRA: Forlagsredaktør Ulv Pedersen ønskjer nettstader som Malimo velkommen.

Motivert av tilbakemeldingane ho får

Tilbake på kontoret i Leirvik får Maren Lie Malmo stadig nye idear, med god hjelp frå lærarar i klasserom landet rundt.

– Det som motiverer meg er at det skal bli meir tid til å elske å vere lærar igjen. Eg syntest det var heilt fantastisk, men eg drukna i alt som ikkje hadde med undervisning å gjere, innrømmer Lie Malmo.

No får ho tilbakemeldingar frå lærarar som seier dei har fått ein ny giv etter å ha funne hennar undervisningsopplegg.

–Eg grin eit par gongar i veka fordi eg får så mange fine mailar, fortel Lie Malmo.

Maren Lie Malmo arbeider framfor dataskjermen.

MOTIVASJON: Maren Lie Malmo får stadig nye idear, med god hjelp frå lærarar i klasseromma.

Foto: Synne Ulltang / NRK