Butikken, som ligg i Førde sentrum, har til mål å sysselsetje personar på attføring, men får ikkje tak i mange nok til å drive butikken. Trond Ivar Vestre i Fretex Vest-Norge beklagar situasjonen.
Ikkje butikk for inntening
Frelsesarmeen si butikkjede Fretex vågar ikkje satse på nye år i Førde. For Fretex driv ikkje butikk for innteninga si skuld. Dei vil helst vere ei attføringsbedrift som er til for folk som skal ut att i arbeidslivet, byter yrke eller omskulerer seg.
Aetat kan ikkje garantere
Men Aetat i Sogn og Fjordane kan ikkje garantere at dei kan skaffe Fretex slike tilsette i åra som kjem, og då er det kroken på døra, seier dagleg leiar Trond Ivar Vestre i Fretex Vest-Norge.
Tonnevis blir kasta
Fylkesarbeidssjef Frode Henden tykkjer det er synd at Fretex forlet fylket, men han seier Aetat ikkje har høve til å inngå det samarbeidet Fretex vil ha. - Synd, ikkje minst for miljøet, meiner Vestre. No går tonnevis av møblar, kjøkenutstyr og klede rett på avfallsplassen.
- Tenk på miljøet
"Fremtiden i våre hender" trur at folk kjem til å kaste meir når butikken i Førde vert lagt ned. Pressetalsmann Steinar Lem meinar det er ei uheldig avgjersle at den einaste Fretex-butikken i fylket vert stengd. Han ber folk i Sogn og Fjordane om å tenkje på miljøet og bruka kleda sine litt lengre.