Hopp til innhold

Her slår Ola av FM-sendaren han har jobba med i over 30 år

FM-nettet vart slått av klokka 11.11 onsdag. For Ola Kringlen var det slutten på ein æra.

Ola Kringlen måtte slå av FM-sendaren i Høyanger manuelt.

SLUTT: Her slår Ola Kringlen av FM-sendaren til P3 på Håland i Høyanger. No er det DAB som gjeld.

– Dette er teknikken eg har jobba med og vi har levd med sidan vi vart fødde. Dette er det vi er vaksne opp med. No slår vi av noko gamalt, og på noko nytt, seier Ola Kringlen.

Han har jobba med radioteknikk sidan 1982. Drive vedlikehald på FM-mastene på toppar rundt i fylket, og skrudd og knota for å få ut den beste moglege dekninga for folka i dalane nedanfor.

Onsdag fekk han sjølv lov å slå av brytaren som gir FM-signal til P3-lyttarane nede i bygda i Høyanger. FM-signala til NRK sine kanalar vart eigentleg slått av med eit tastetrykk i kontrollsentralen til Norkring på Fornebu. Men to av FM-sendarane i Sogn og Fjordane måtte slåast av manuelt, då dei vart mata med signal frå satellitt. Ein av desse var altså FM-sendaren på Håland i Høyanger. Den andre var sendaren på Vatnahalsen i Aurland.

  • Har du spørsmål om DAB? Finn svar her: nrk.no/DAB.

11.11 i heile fylket

I radiostudioet til NRK Sogn og Fjordane fekk Monica Sunde Tjønnås kome på besøk for å flippe brytaren som slår av FM-nettet.

Ho var nesten litt nervøs når klokka tikka mot 11.11, fortel ho til programleiarane frå P3-morgon som var med for å få med seg hendinga.

– Radioen gir meg mykje. Eg får lære mykje om fylket, og føler eg kjenner både folka i NRK Sogn og Fjordane og rundt om i fylket, fortel ho.

Monica Sunde Tjønnås

LYTTAR: Monica Sunde Tjønnås fekk kome på besøk for å skru av FM-brytaren i radiostudioet til NRK Sogn og Fjordane. Som publikum stilte Programleiarane i P3-morgon.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Den ivrige radiolyttaren har allereie høyrt på DAB i mange år.

– Der eg bur er FM-dekninga veldig dårleg. Så eg har hatt DAB-radio i fleire år, fortel Sunde Tjønnås.

I studio tel dei ned frå 5-4-3 ...

– No må du trykke, roper programleiar Tone-Merete Lillevangstu.

Vipps, var NRK borte frå FM-nettet.

På fjellet i Høyanger skrudde Ola Kringlen av brytaren i stille.

Lang fartstid

Det er ikkje tilfeldig at Ola Kringlen sjølv fekk slå av brytaren på Håland i Høyanger.

Gjennom karrieren har han vore innom Televerket, Telenor, Norkring, medan ho jobbar for ein underleverandør av Norkring. Mellom 2012-2014 hadde han ansvar for teknisk prosjektleiing utbygginga av DAB-hovudnettet på nasjonalt plan.Den gongen jobba han for Relacom.

– Den siste kontrollen vi hadde på Steinfjellet i Bremanger i fjor var litt spesiell. Vi har brukt mange dagar med justeringar og tilsyn her, seier Kringlen.

No ser han fram mot at meir moderne teknologi tek over.

– Vi må ha denne tekniske utviklinga. Vi kan ikkje drive i det uendelege med FM-nettet med det utstyret som er, det er slite og vanskeleg å reparere. Alle teknologiar har utvikling. Det har radiomediet også, avsluttar han.

Ola Kringlen.

LANG HISTORIE: Ola Kringlen har jobba med radioteknikk sidan 1982. No er det DAB som opptek arbeidskvardagen.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK