Hopp til innhold

– Skal fjordhesten overleve i framtida må folk tene pengar på han

Skal folk kunne oppleve fjordhesten i framtida må hesten bli butikk. Det er i alle fall løysinga førsteamanuensis Rhys Evans ser for seg.

Fjordhest på Bruland i Førde

UTRYDDINGSTRUGA: Det blir berre fødd 200 fjordhestføl i Norge kvart år.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Over fleire år har det blitt stadig færre fjordhestar her til lands. No kjem det berre 200 fjordhestar til verda i året, og rasen er komen på lista over utryddingstruga husdyrartar.

Den einaste måten å få rasen til å overleve på er at folk kan tene pengar på han, meiner Rhys Evans som er førsteamanuensis ved Høgskulen for landbruk og bygdenæringar.

«Ingen» vil ha nasjonalhesten

Den blakke hesten som går i ei grøn eng full av gule løvetannar er eit populært postkortmotiv, men i den verkelege verda blir det stadig færre fjordhestar. Lenge har folk vore uroa for framtida til rasen som vert rekna som Norge sin nasjonalhest, og utviklinga verkar ikkje å snu.

På Norsk fjordhestsenter på Nordfjordeid håpar dei på ei rik framtid for fjordhesten. Avlshingsten Terneprins er klar for å bidra til at fleire føl kjem til verda, men interessa for fjordhestavl er for dårleg.

Les Historia om fjordhesten og hesteavl i Fylkesleksikonet.

Talet på fjordhestføl i Norge held fram med å stupe, og dagleg leiar ved senteret, Jostein Vonheim, er uroa.

– Det er svært urovekkjande. Vi er under 200 bedekningar i året, og problemet blir berre større og større i framtida om vi ikkje får ein framgang, seier Vonheim.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Fjordhesten døyr ut i Norge

SJÅ TV-SAKA FRÅ 9. MAI 2011: Talet på Fjordhestar har minka kraftig dei siste åra. Men samstundes det blir født berre 200 føl i år her i landet, så blir fjordingen stadig meir populær i land som Australia og USA.

– Slik kan ein berge fjordhesten

I to dagar er fjordhestinteresserte frå inn og utland no samla på Nordfjordeid for å finne ut korleis ein skal berge rasen her til lands.

Førsteamanuensis Rhys Evans ved Høgskulen for landbruk og bygdenæringar meiner svaret enkelt, men likevel vanskeleg. Ein må starta å tene pengar på fjordingen.

– Korleis ein gjer det er ikkje enkelt, men det er det ein må gjere, seier Evans til NRK.no.

Fjordingen er saman med Dølahesten, Norsk kaldblodstravar og Nordlandshesten på Norsk genressurssenter si liste over utryddingstruga husdyr.

Fjordingen er ei av verdas eldste hesterasar. Forsvinn hesten som i generasjonar var vestlandsbonden sin viktigaste arbeidsven, forsvinn også ein del av vår historie, meiner Evans.

– Historia til denne hesten er historia til landet, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Frå venstre Rhys Evans, Jostein Vonheim, Kjell Einar Skrede saman med fjordhesten Terneprins

VIL BEVARE FJORDHESTEN: Frå venstre Rhys Evans, Jostein Vonheim, Kjell Einar Skrede.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Kan ikkje tenkje hest, hest og hest

På Nordfjordeid, "fjordhesten sitt mekka", har Vårt Akademi For Kultur og Næring involvert seg i arbeidet med å tene pengar på hesten.

Prosjektmedarbeidar Kjell Einar Skrede trur det kan bli både fleire hestar og fleire arbeidsplassar. Reiseliv er eitt felt, medan terapiriding innan rusomsorg, barnevern og psykiatri er andre område.

Men då må også hestemiljøet endre tankegangen forklarar Skrede.

– Folk som driv med hest blir ofte litt for opptekne av hesten. Dei som skal lage hesteturisme tenkjer ofte hest som både nummer ein, to og tre. Men dei må tenkje nummer ein: korleis tene pengar. Nummer to: korleis nå kundar i Norge og i utlandet, og kanskje på nummer tre kan dei tenkje hest, seier Skrede og legg til:

– Vi må få inn ein ny tankegang og profesjonalitet i hestemiljøa. Ein kan ikkje berre ha hest for at det skal vere kjekt. Det skal vere kjekt, men ein må faktisk tene pengar også, seier Skrede.

Tek utfordringa

På senteret skrittar Terneprins lett nedover midtgangen og ser ikkje ut til å ville ta betalt for noko som helst. Men Jostein Vonheim seier hestemiljøet no må tenke forretning.

– Det er ei utfordring for oss, men den skal vi i fellesskap løyse, seier han.