Hopp til innhold

- Fjordhesten er dårleg profilert

Leiar for Midtre Nordfjord Fjordhestlag meiner den utryddingstruga hesterasen kunne vore turistmagnet.

Fjordhesten Braute

Fjordhesten burde vore profilert som turistmagnet meiner leiaren for Midtre Nordfjord Fjordhestlag.

Foto: Monica Gjøringbø

- Lite flinke

- Eg synst vi har vore altfor lite flinke til å framheve fjordhesten, også i turistsamanheng, seier Else Løkke som er leiar i Midtre Nordfjord Fjordhestlag

Stort potensiale

I dag er fjordhesten utryddingstruga og fleire karakteriserer situasjonen som alvorleg.

Else Løkke med fjordhest

Else Løkke i Midtre Nordfjord Fjordhestlag.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Men Løkke er ikkje i tvil om at det finst eit stort potensiale for fjordingen. Særleg ovanfor turistar.

Ho har sjølv opplevd stor entusiasme frå turistar når dei får auge på hennar fjordingar i Myklebustdalen på Byrkjelo.

- Når det kjem bilar med turistar, så stoppar dei og går ut av bilane. Dei klappar litt på hestane og kosar seg, seier Løkke.

Les og: Historia om fjordhesten

- Kunne vore betre

Leiar i Norsk Fjordhestlag, Kristian Bakken er einig i at det kunne vore gjort meir for å profilere fjordingen ovanfor turistar.

- Det er klart det burde vere eit stort potensiale å bruke fjordhesten i ein slik samanheng. Det ein då er avhengig av er at hesteeigarane vil stille opp med hestane sine, seier Bakken.

- Har de gjort ein skikkeleg jobb i Norsk Fjordhestlag for å profilere fjordingen?

- Alt kan jo gjerast betre her i verda, også den profileringa, seier Bakken.