Hopp til innhold

Fjordhesten er utryddingstruga

Fjordhesten er definert som utryddingstruga.

Fjordhest på Bruland i Førde
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det blir fødd for få føl, og årsaka er at mange heller vil ha eksotiske hestar importerte frå utlandet.

– Dramatisk

Leiar Else Løkke i Midtre Nordfjord Fjordhestlag seier situasjonen er dramatisk.

Else Løkke med fjordhest
Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Det har vore ein dramatisk nedgang i talet på fødde føl, og vi ser det klart og tydeleg her i distriktet med svært stor nedgang i talet på bedekte merrar. Det er så dramatisk at genressursutvalet har slått alarm. Dei har sett søkelyset på alle dei norske hesterasane der nedgangen har vore så stor at det er fare for rasen.

– Negativ trend

Norges Fjordhestlag er heilt samd med Løkke i at situasjonen er alvorleg for den norske nasjonalhesten, seier dagleg leiar Jostein Vonheim.

– Vi ser ein negativ trend. Går vi ti år tilbake hadde vi omtrent 600 bedekningar, no har vi rundt 400. Men går vi 20 år tilbake i tid låg talet på ca. 1500, så talet på fjordhestar er begynt å bli faretruande lite.

– For lite status

Norsk Fjordhestsenter på Nordfjordeid.

Sjølv langs vegen til Norsk Fjordhestsenter på Nordfjordeid går det i andre hesterasar.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Årsaka til nedgangen er samansett, men Vonheim trur hesten er mindre populær i dag enn for få år tilbake.

– Fjordhesten er ein rimeleg hest, men kanskje ein hest med litt for lite status i bruk, vi ser at det er mange som importerer hest og brukar større hestar enn fjordhesten. Det er mange unge jenter som har hest.

– Kvifor vil dei ikkje ha fjordhesten?

– Dei byrjar gjerne med fjordhest, men når dei kjem til eit visst stadium blir det for lite utfordring, det er større utfordringar med ein større hest, dei vil nå eit nytt nivå.

– Hest på kvar gard

Også fjordhesteigar Bjørn Årdal i Eid er uroa. Han meiner det bør vere ein hest på kvar gard, men han veit ikkje heilt kva som er grunnen til nedgangen.

– Det er vanskeleg å svare på, vi har stilt spørsmålet sjølve fleire gonger. Det er vel motane som går litt i bølgjer, og brukargruppene varierer. Fjordhesten høyrde heime på alle gardsbruk på Vestlandet, men jordbruket har endra seg, og dermed har hesten forsvunne ut.

– Landbruket er pressa

Else Løkke som bur på Breim har også reflektert over årsaka til at fjordingen er ein truga rase.

– Det er vanskeleg å peike på ein bestemt årsak, men det har nok mykje å gjere med at landbruket er meir pressa, mange mindre bruk der det gjerne var ein fjordhest er lagde ned. Mange bønder må ut i arbeid i tillegg til garden, og då seier det seg sjølv at tida til å ha hest er blitt vekk.

– Marknadsføre betre

Alle er samde om at arbeidshesten er ein nasjonal rase som dei pliktar å ta vare på. Jostein Vonheim meiner den må takast meir i bruk til ulike føremål.

– Vi må prøve å marknadsføre fjordhesten betre enn vi har klart til no. Vi må ta fjordhesten i bruk i større grad enn det som har vore tilfelle. Her på Norsk fjordhestsenter driv vi ein seminstasjon, og der har vi sjansen til å etablere ein genbank for å ta vare på genene.

– Identiteten til Vestlandet

Else Løkke synest det er synd at talet på fjordhestar har gått så kraftig ned.

- Eg meiner at fjordhesten er litt av identiteten til Vestlandet. Hesten kunne ha vore brukt mykje meir i marknadsføring av distriktet vårt, både i turisme og terapi, han kan og brukast meir til køyring og ridiing, ungdomsarbeid og rusmiddelomsorg. Han er eigna til det meste.