Hopp til innhold

Slik skal dei snu Moods-skuta

STRYN (NRK): Inntektene til Moods of Norway har gått ned med nær 100 millionar kroner dei siste tre åra, men no håpar stryningane at pilane peiker riktig veg.

leiinga i moods of norway

HAR SATSA: Moods of Norway har satsa tungt dei siste åra, men det har kosta dyrt, og no strammar dei inn på satsinga si.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– No føler vi at vi er gjennom det verste styret, og føler at vi har laga det fundamentet som gjer at vi kan få litt arbeidsro til å jobbe med det vi er best på. Det seier Moods-grundar Simen Staalnacke.

På dei ti åra frå 2003 til 2013 auka Moods of Norway omsetnaden frå 300 000 kroner, til 343 millionar kroner. Ei eventyrleg reise, men satsinga kosta. Overskot vart etter kvart til underskot, og dei siste åra har det gått i motbakke.

Les også: Stort underskot for Moods of Norway

traktor

EKSENTRISK: Moods of Norway har bygd eit image på å vere eksentriske og særeigne i stilen sin. Sterke fargar og traktorar har vore ein grunnstein i verksemda.

Foto: Nina Kristiin Vraa / NRK

Mange færre utsalsstader

Administrerande direktør Jan Egil Flo kom inn att som sjef med oppdrag å snu skuta, og få positive tal på ny.

– Strategien er at vi no nyttar eigne retailbutikkar, og berre har vår eigen distribusjon, seier Flo.

Les også: Moods of Norway kuttar tilsette

Strategien med å berre selje klede i eigne butikkar var bakteppet då Moods for ei tid sidan kjøpte klesfirmaet Brandstad, og slik fekk kontroll på 20 nye butikkar å selje klede frå.

Moods of Norway-butikken i LA

TRAPPAR NED I AMERIKA: denne butikken i LA er no den siste Moods-butikken igjen i USA

Foto: Cathrine Elnan

Kjøpt opp av Verner

Det er mykje som skjer i Moods-leiren om dagen, og noko anna som kan få store følgjer er at det store tekstilkonsernet Varner har kjøpt opp 25 prosent av aksjane. Konsernet har over 8000 tilsette i klesbutikkar rundt om i nord-europa.

– Vi treng ikkje alltid å finne opp hjulet på nytt. Varner har drive med dette i 40 år, og kan veldig mykje om kva som funkar og kva som ikkje gjer det. Vi er veldig nøgde med å ha dei med på laget, seier Jan Egil Flo.

Ein annan viktig del av strategien har vore å snevre inn satsingsområdet meir, og kanskje går meir tilbake til den opprinnelege marknaden. Mellom anna har dei kutta ut mykje av satsinga si i USA, og sit no berre att med butikken sin i Los Angeles.

– Jan Egil har kome inn og rydda litt opp, og eigentleg teke organisasjonen tilbake til der vi var. Det har vore mykje fokus på andre ting enn å lage klede, men no satsar vi meir på det som vi faktisk kan, nemleg å lage klede som folk vil ha, seier Staalnacke.

Får støtta av motemagasin

Sjefredaktør i motemagasinet Elle seier at strynverksemda har vore nærast geniale på marknadsføring, og har trua på at dei skal klare å kome seg over kneika att.

Signy Fardal

HAR TRUA: sjefredaktør i Elle, Signy Fardal, har trua på at Moods skal klare å snu den negative inntektstrenden.

Foto: Nicholas Cronard

– Det har kanskje vore meir jalla og moro rundt dei, enn fokus på klede. Den siste kolleksjonen deira er nok med på å løfte dei fleire hakk på den fronten, og Moods har alltid vore veldig gode på marknadsføring