Hopp til innhold

Løyser ut snøskred for å trygge kvardagen din

 

Denne vinteren omkom 13 menneske i sørpe- og snøskred. Dette er dermed den verste skredvinteren på 25 år.

På Strynefjellet blir det forska på skred for å tryggje kvardagen til folk. For å forstå kva naturkrefter som er i sving i eit skred, løyser Norges Geotekniske Institutt ut skred mellom anna på Ryggfonn på Strynefjellet.

Lagar modellar

Fagansvarleg for snøskred, Christian Jaedicke, fortel at dei kvart år løyser ut to-tre skred her. Snømengda som skal til for å utløyse eit skred, er avhengig av vind, temperaturar og nedbør.

– Vi er interessert i å finne ut korleis eit skred fungarer, kor raskt det går og trykket i raset. Dermed kan vi lage berekningsmodellar, seier han.

Blir brukt i utbyggingsplanar

Desse berekninga brukar kommunane når dei skal vurdere bygging av hus og hytter i område som kan vere rasfarlege. For at det skal kunne gå skred, må terrenget helle meir enn 30 grader.

– Det er viktig å vite kor langt eit eventuelt skred kan gå og kva hastigheit det kjem i. Når det gjeld utbygging er det eit stort trøkk på potensielle byggeområde. Utan skikkeleg forsking og viten om skred, må ein ofte vere ekstra varsam og dermed er det mange stader det ikkje kan byggast.

Verste skredvinteren

Heile 13 personar har omkomme i snø- og sørpeskred i Norge denne vinteren. .

Det er fjellområda langs kysten på Vestlandet og i Nord-Norge som er mest utsette. Berre i Sogn og Fjordane lever 20 00 personer i potensielle rasområde. Det er nesten 20 prosent av fylket med 107 000 innbyggjarar.

Sjølv om det har blitt forska på skred i mange tiår, er det framleis mange opne spørsmål.

– På Ryggfonn har vi berre to-tre sjansar kvar vinter til å prøve å utløyse eit skred, så forskninga går sakte framover, seier han.

Fem kilo dynamitt

Skredet du kan sjå øvst i artikkelen på sida, blei utløyst av fem kilo dynamitt frå eit sprengtårn. Det var første ved tredje forsøk at det kom eit stort skred.

– Men det var ikkje stort nok og snøen kom ikkje ned til instrumenta våre.

Dette forsøket skjedde i februar og det var i periodar lite snø på fjellet. I mars kom det nysnø og dermed naturlege ras dei kunne måle.

Det er enno ikkje oppretta ei detaljert landsdekkande snøskredvarsling i Norge, men NVE har sett igang eit prøveprosjekt med regional snøskredfarevarsling. Dette arbeidet er NGI med på.