Vinteren i år har vore prega av uvanleg mange skredulykker, og fleire har fått eit tragisk utfall. Det nye søkeutstyret kan vere med å berge liv i framtida.
– Dersom det går eit stort skred, og vi har moglegheit til å vere dei første inn i området, så kan dette utstyret vere med å redde liv, seier pilot Bent Næss i Norsk Luftambulanse.
NRK var med luftambulansen i Førde på øving i skiterrenget i Sunnfjord.
- LES OGSÅ:
Klare til innsats i påska
FUNN: Redningsmannen har funne det dei leitte etter.
Foto: Steinar Lote / NRKLIVREDDER: Ein slik skredsøker kan redde livet ditt.
Foto: www.mammut.comMed få meters nøyaktigheit kan helikopteret finne folk som har med seg skredsøkar i jakkelomma.
– Utstyret gjer redningsarbeidet mykje lettare, for det innskrenkar området mykje. Eit skred på 100x200 meter kan bli til eit område på 10x10 meter, seier Næss.
Han er flygar på Norsk Luftambulanse sin helikopterbase i Førde. Han og dei andre kollegane har dei siste dagane trent med det nye utstyret. No er dei klare til å gjere ein innsats om uhellet skulle vere ute i påska.
Dobbelt så mange døyr i skred
I vinter har ti personar mista livet i snøskred. Dette er dystre tal; dobbelt så mange som normalt. Og det før påska har starta.
– Dei siste åra har vi hatt ei auke i tal omkomne. Mykje skyldast auka ferdsel i fjellet, seier Lasse Fossedal i Norsk Luftambulanse AS.
Statistisk og historisk sett har det i gjennomsnitt døydd mellom fire og fem personar i snøskred kvar vinter. Flygar Bent Næss ved helikopterbasen i Førde både trur og håpar at det nye utstyret vil berge liv i framtida:
– Dette kan heilt klart vere med å berge liv. Men folk må invistere og har med seg utstyr slik at vi kan søke etter dei, seier Næss.
- LES OGSÅ:
Styrka beredskap
Sea King-helikoptera til Forsvarets redningsteneste fekk dette utstyret for to år sidan. No når også luftambulansane kring om i landet får på plass det same utstyret blir beredskapen styrka betrakteleg.
– Er du begravd i eit snøskred, kjemper du mot tida. Den første halvtimen er den mest kritiske, seier Svein Tore Pettersen som er leiar for 330-skvadronen.
Statistikken viser at 91 prosent av dei begravde er i live etter 18 minutt. Etter 35 minutt lever berre 34 prosent.
PÅ VEG: Legehelikopteret i Førde er på veg ut på trening i fjella i Sunnfjord i Sogn og Fjordane.