Hopp til innhold

I morgon blir jentene råka av streiken

350 elevar ved Mo og Øyrane vidaregåande skule, og om lag 100 elevar ved Førde Norsksenter blir råka når lærarstreiken blir trappa opp torsdag.

Elevar ved Mo og Øyrane vgs.

SNART RÅKA AV STREIK: Sabrina Hagenes og Stine Hukset mistar fleire skuletimar når lærarar ved Øyrane vidaregåande skule blir teke ut i streik.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– I morgon mistar vi to timar midt på dagen, og dei to siste timane. Så då får vi fri, fortel Sabrina Hagenes.

NRK.no møter 17-åringen i kantina på Mo og Øyrane vidaregåande skule i Førde, ein av skulane som blir råka når Utdanningsforbundet torsdag trappar opp lærarstreiken.

Til saman 7800 lærarar over heile landet vil vere i streik som følgje av konflikten med arbeidsgjevarorganisasjonen KS.

I Sogn og Fjordane er det nok ein gong skular i Førde som blir ramma. Frå før held Førde ungdomsskule og ungdomstrinnet ved Halbrend skule stengd som følgje av streiken, mens Hafstad vidaregåande skule går på låggir med 42 lærarar ute. Frå torsdag er til saman 164 medlemmer i Utdanningsforbundet i Førde i streik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mo og Øyrane vgs, avd. Øyrane

SNART I STREIK: Lærarar ved Mo og Øyrane vidaregåande skule vert frå torsdagen av tekne ut i streik.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Går glipp av kunnskap

For helsefagelevane Sabrina Hagenes og Stine Hukset vil det merkast at 37 av lærarane på Øyrane står streikevakter i staden for å undervise. Men så lenge streiken ikkje varer altfor lenge, trur dei elevane meir enn gjerne tek imot litt fritimar.

– For min del gjer det ikkje så mykje. Eg trur dei fleste ikkje har så mykje mot det. Men det kan bli litt lange pausar midt på dagen, når vi sit i kantina.

At gymtimen er blant timane som blir strokne på planen, er i alle fall positivt, meiner jentene. Men dei innser at dei også kan gå glipp av kunnskap.

– Det er jo litt dumt, vedgår Hukset.

Rektor : – Lite ønskjeleg

– Streiken vil råke ulikt. Nokre klassar har berre to timar undervisning, mens andre klassar berre misser to timar. Klassane på jordbruksavdelinga på Mo blir hardast råka, forklarer rektor Liv Horvei ved Mo og Øyrane.

Liv Horvei

HÅPAR PÅ SEMJE: Reker Liv Horvei håpar at partane kjem til semje før opptrappinga torsdag.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Ho seier elevane må møte opp i dei timane skulen framleis har lærarar på jobb. Der går undervisninga som planlagt.

Horvei håpar i det lengste at partane kjem til semje, før opptrappinga torsdag.

– Men det ser ikkje ut som det vil skje. Det er ikkje noko vi ønskjer. Vi håpar partane kjem til semje snarast råd, så vi får komme i gang med skulekvardagen, seier skuleleiaren.

Arbeidstid er eit sentralt tema i arbeidskonflikten mellom Utdanningsforbundet og arbeidsgjevarorganisasjonen KS. Ved Mo og Øyrane vgs. må lærarane vere fysisk til stades på skulen i 29 timar per veke. Knappe seks timar dagleg. KS ønskte i lønsforhandlingane at alle lærarar skal vere på skulen 7,5 timar kvar dag.

– Bør ein halde lærarane lenger på skulen?

– Det vil ikkje meine noko om, seier rektoren.

Berre to lærarar att

På andre sida av Førde sentrum, i tredje etasje over ein bilforretning på Sanderplassen, blir all norskundervisning innstilt som følgje av at streiken blir trappa opp.

– 14 tilsette ved Førde Norsksenter blir tekne ut i streik, opplyser kommunalsjef for barnehage og skule, Helge Sæterdal.

Helge Sæterdal

85 i STREIK: Kommunalsjef Helge Sæterdal seier det er mange kommunalt tilsette som vil vere i streik frå og med torsdag.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Berre to lærarar og nokre rådgjevarar vil vere tilbake på skulen.

–Det betyr at dei aller fleste flyktningane på mottaka i Førde og Jølster, og arbeidsinnvandrarar, ikkje vil få norskopplæring, seier Sæterdal

Held fram undervisning

Det blir undervisning som normalt i morgon ved Hafstad Vidaregåande skule i Førde i dei faga der lærarane i ikkje er i streik. Det seier rektor Grethe Øren.

42 lærarar ved skulen har vore i streik sidan måndag i førre veke, og det har i dag vore vurdert om dei skulle stenge skulen med over 500 elevar heilt.

Øren seier det vil bli tatt nye vurderinga kvar dag.

Pengar spart

Med til saman 85 kommunalt tilsette i streik frå og med torsdag, betyr det pengar spart i ein slunken kommunekasse.

– Vi har ikkje rekna på det. Vi har hatt fokus på streiken og håpar den ikkje blir langvarig, så får vi heller gjere opp status når streiken er over, seier Sæterdal.

– Men det er pengar spart?

– Det er klart, dei som er ute i streik får ikkje lønn frå kommunen. Men vi har ikkje rekna på dette per i dag.