– Litt før, i påsken og etter påske tek båttrafikken seg veldig opp. Når det blir meir trafikk, blir det også fleire hendingar, seier base- og fartøysjef Erland Karlsen på 330 Skvadron sin base i Florø.
NRK.no var med då eit av Luftforsvaret sine redningshelikopter trente på sjøredning saman med redningsskøyta «Halvdan Grieg». Sjå tv-reportasje øvst i artikkelen.
– Vi flyg meir på båt frå no og utover, fastslår Karlsen i det han tek plass i pilotsetet framme på styrbord side i den store Sea King-maskina.
Forutan Karlsen, utgjer andrepilot, navigatør, maskinist, redningsmann og lege mannskapet på det som er eitt av seks redningshelikopter som til ei kvar til skal vere i beredskap langs norskekysten.
– No skal vi ut på treningstur. Vi skal gjere ei heiseøving saman med redningsskøyta «Halvdan Grieg», forklarer Karlsen.
(Artikkelen held fram under biletet.)
«Mann over bord»
Avtalen er at redningsskøyta frå Måløy skal gå nordover mot Stad. Det skal øvast på to scenario. Ei dukke skal hentast opp av vatnet, leggast på båre og så heisast om bord i redningshelikopteret. I tillegg skal ein av mannskapet på redningsskøyta hoppe i sjøen og fungere som markør i mann-over-bord-øving.
Dette er scenario som er viktige å øve på, ikkje minst når småbåtsesongen står for døra.
– Utfordringa med redning til sjøs kan vere dårleg vêr der mykje vind og store bølgjer kan gjere det vanskeleg å gjennomføre heising, forklarer Karlsen.
Når alarmen går til sjøs, veit mannskapet ofte ikkje kva som ventar.
– Det kan vere alt frå situasjonar som i utgangspunktet ikkje er farlege, men som kan utvikle seg. Og til dei verste der vi har båtar i brann, eller båtar som er ferd med – eller har gått ned og er sakna, forklarer Karlsen.
Redningshelikopteret set kurs frå basen i Florø nordover mot Stadt.
På sambandet kallar Karlsen opp kollegaene på redningsskøyta. «Halvdan Grieg, Halvdan Grieg. Redningshelikopter Florø.» «Vi er framme om fem minutt».
Samstundes har to redningsskøyter nådd fram til det elles så vêrharde Stadhavet. Forutan Halvdan Grieg er ei mindre redningsskøyte med.
Trener så ofte som mogleg
I fjor rykte Redningsselskapet sine skøyter ut over 2000 gonger på ordre frå Hovudredningssentralane for Sør- og Nord-Norge. Ofte med hjelp av Sea Kingen, slik som i dag. Med årets båtsesong, som for mange startar ved påsketider, for døra, ventar mange slike oppdrag.
– Vi prøver å fokusere på samhandling med alle etatar. Både brann, politi og 330. Så vi prøver å få øvd mest mogleg, seier kaptein Geir Antonsen på «Halvdan Grieg» i det Sea Kingen sine rotorblad piskar opp sjøen rundt han.
For mannskapet på redningsskøytene langs kysten er påska starten på ei travel årstid.
– Ofte er påska starten på båtsesongen. Det er gjerne første gongen at båten blir teken ut på tur etter vinteropplag. Vi reknar med at det blir ein del båttrafikk i påska.
Bak på dekk kjem redningsmann og lege etter tur ned lina frå redningshelikopteret. Same veg kjem ei stor dukke og ei båre. Dukka som simulerer ein skadd pasient blir stroppa fast på båra og heisa tilbake opp i helikopteret. Så langt har alt gått etter planen.
(Artikkelen held fram under biletet.)
30 hektiske minutt
Redningsmannen og lege blir løfta tilbake i helikopteret, mens ein frå mannskapet på «Halvdan Grieg» hoppar i den kalde sjøen. Iført overlevingsdrakt driv han raskt bort frå båtane.
Snart dukkar redningsmannen på ny opp i døra på redningshelikopteret, no med froskemannsføter. I løpet av eit par minutt har han vore nede i sjøskorpa, hekta med seg den skipsbrudne og berga han opp i redningshelikopteret.
Heile øvinga er over i løpet av 30 hektiske minutt. Redningsskøytene set kurs mot sin base i Måløy, mens Sea Kingen kallar opp flytårnet i Florø og går inn for landing.
– Øvinga med redningsskøyta gjekk bra. Vi fekk gjort det vi skulle og fekk trent på fleire moment. Ei vellykka øving, fastlår Karlsen i pilotsetet.
Han landar på basen i ein kystby der påsken for mange er vel så mykje sjø som ski og fjell. I småbåthamnene i Florø er aktiviteten høg.
– No har vi tatt opp båten for å spyle den av litt på undersida så vi får litt fart i påska. Det mangla 10 knop, men det blir bra når vi berre får spylt av det som har grodd på i løpet av påska, forklarer Lars Haugnes med pistolen til ein høgtrykksspylar i handa.
(Artikkelen held fram under biletet.)
Elskar påskesjøen
Sjølve finpussen ventar Haugnes med til det er blitt litt varmare i lufta. Då blir det full vask og polering. Men på sjøen i påska må han.
– Då er det lenge sidan ein har vore ute i godt vêr. Det brukar ofte å bli ganske fint med stille vêr og sol i påska. Og så er det ikkje mygg. Det er ingen udyr ute. Det er det beste.
Heller ikkje sonen Lars Haugnes er i tvil om kva som er den beste påska.
– Sjøpåske. Definitivt. Drive å rote oppe i snøen med knekte bein … Nei, det er ikkje noko moro. Det er mykje betre å vere på sjøen. Det er stille, fredeleg. Ein slepp unna alt bråket som er på land og kan ligge og fiske, sjå på fuglar og himmelen. Slappe av, seier han lurt.
Kva med tryggleiken?
– Den er alltid i høgsetet. Vi kler oss i flytetøy. Ein har jo opplevd at det kan blåse opp litt, eller ein kan få noko i propellen. Då er det godt å ha godt utstyr og noko å berge seg med viss det skulle gå gale, seier far Haugnes og får støtte frå sonen.
– Vi har redningsvestar til alle, og har investert i flytedressar. Eg trur det viktig at ein har utstyret klart. Har du ikkje alt klart, kan det fort gå gale. Det er viktig med tryggleiksutstyr, seier Lars Haugnes.
(Artikkelen held fram under biletet.)
– Tenkjer ikkje på at dei er der
Seks mil unna, i småbåthamna i Førde er Oddbjørn Farsund utom for å sjå til skjergardsjeepen sin. Også her inne i Førdefjorden har mange alt starta båtsesongen. På land står andre båtar til klargjering for å komme ut til påske. Sjølv reknar Farsund reknar med det blir eit par turar på fjorden.
– Det er trygt å vite at naudetatane står klare. Det er ein ekstra tryggleik, seier Farsund.
Han vedgår at han tenkt tanken på kva som ville skje viss han fall over bord med redningsvest og mobiltelefon som einaste beredskap. Kven som eventuelt skulle kome og berga han, har han tenkt mindre på.
– Eg tenkjer i grunn ikkje på det. Men det er vel fordi eg veit at dei er der, ler båteigaren i Førde.
Rådet frå dei som kan måtte berge deg er i alle fall klart:
– Ta tryggleiksreglar med i alle aspekt av turane ein skal på. Ha kommunikasjon om bord, og ha med fleire former for kommunikasjon slik at ein får varsla andre. Og ta med påbode tryggleiksutstyr som flytevest, seier fartøysjef Erland Karlsen på redningshelikopteret i Florø.