Hopp til innhold

Desse lagar lyden av ein skadd hare - slik håpar dei å lokke reven fram frå skogen...

Hadde du tort å setje deg til ute i naturen for å lokke på reven? Denne veka har elevar ved Nordfjord Folkehøgskule gjort nettopp det.

Slik lokkar Regine Olimstad og Hanne Lindtveit på reven ved Veslevatnet i Gloppen. Dei to jentene er elevar ved Nordfjord Folkehøgskule.

SLIK LOKKAR DEI PÅ REVEN: Med slike fløyter prøver elevane å lokke fram reven. FOTO: Gro Ravnestad.

– Dette er berre ei lita fløyta med ein membran som du bles i, seier Regine Olimstad og Hanne Lindtveit og viser fram kvar si lita fløyta.

Dei to venninne er godt kledde i den småkalde vårmorgonen ved Veslevatnet i Gloppen. I natt har dei sove under open himmel, men grytidleg var dei oppe.

Då prøvde dei nemleg å lokke fram reven. Eit dyr som kanskje har fått ekstra mykje merksemd etter at Ylvis-brørne lagde hitlåten om kva lyd reven lagar.

Sjølv vil ikkje jentene lokke seg frampå til å lage lyden reven lagar, dei har vore mest opptekne av å lokke den fram frå skogen.

– Men det har ikkje vore heilt vellukka i dag, men vi må jo prøve, flirer dei to jentene.

Etterliknar ein skadd hare

Elevane som går på Nordfjord Folkehøgskule er mykje ute i skog og mark. Regine og Hanne går på jakt- og fiskelinja, og denne veka har dei vore på topptur til Snønipa og lært revelokking for å nemne noko.

Det siste har dei i dag vore ute for å teste ut i live. Med seg har dei kvar si lita fløyte. Desse lagar ein intens skrikande lyd.

– Det er lyden av ein hare som har det vondt og held på å døy. Reven blir lokka av det, fortel Regine Olimstad.

(Artikkelen held fram under)

Regine Olimstad og Hanne Lindtvet, saman med lærar Per Momrak

REVELOKKING: Elevane Regine Olimstad og Hanne Lindtveit, her saman med lærar Per Momrak ved Veslevatnet i Gloppen.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Fekk respons, men...

Allereie i går kveld testa dei ut fløytene litt, men det som kom ut av skogen var alt anna enn ein rev.

– Det kom ein mann springande og lurte på kva dette var for noko. Og i løpet av den neste timen var det også eit par damer som vart litt skremde, flirer dei.

– Dei trudde det var ein skrikande baby som låg og hylte, seier dei.

I halv fem tida sette dei i gang å blåse i fløytene sine igjen. Men reven let seg ikkje lokke.

– Denne morgonen var det nok reven som var lurast, seier lærar Per Momrak

– Har du vore med på at elevane greier lokke fram luringen?

– I fjor hadde vi sju grupper som lokka på reven, og to av dei fekk lokka fram luringen, fortel læraren.

– Den kjem i stor fart

Og om du trudde reven kom luskande gjennom skogen når den høyrer lyden av det som skal vere ein skrikande hare, så tek du feil.

– Den kjem i stor fart, fordi den høyrer at haren skrik. Då tenkjer reven at «her er det mat, og eg må stå på», forklarar Momrak.

Han trur reven har hatt ein relativt enkel vinter, og kanskje er både mett og fornøgd. Då er gjerne ikkje ein skadd hare så freistande likevel.

– Det har vore ein vinter utan snø, så det har vore mykje mat å finne for reven. Dermed er han nok ikkje så interessert i å kome springane etter desse lydane, flirer læraren.

For at det er rev i området, det er han heilt trygg på.

– Dette er eit område med mykje rev og hjort. Det blir jakta rev her, og eg veit at det er teke rev her i vinter, seier Momrak.

For elevane Regine og Hanne har dagens oppleving med å lokke på reven vore ei av fleire store naturopplevingar så langt i skuleåret.

– Eg trur eit år på denne skulen har vore det beste valet eg har tatt, seier Hanne Lindtveit.