Hopp til innhold

Slik knuser dei isen med helikopter

FØRDE (NRK): Vegvesenet tek no i bruk helikopter for å få bort store mengder is langs vestlandsvegane. For istappar kan bli livsfarlege når sola kjem.

Knuser is med helikopter

BRUKAR HELIKOPTER: Dette skal vere effektiv for å fjerne is i fjellsidene. Reporter er Sigrid Sivertsen Haugan. Foto/redigering: Arne Stubhaug.

– Vi er ikkje så vane med å bruke helikopter her, men vi trur det skal gå kjappare enn å rigge oss til sjølv, seier Arne Indrebø som er vegmeister i Mesta.

Han står på E39 sør før Førde og ser at helikopteret gjer seg klart. For isen i fjellsida må fjernast for å sikre bilistane.

– Her har det vore småras heile tida. Vi prøver å ta ned dei store så fort vi kan, men når det er så høgt, blir det utfordrande, seier han.

Har åtvara bilistar

Vegtrafikksentralen har fleire gonger siste vekene åtvara bilistar om å vere obs på mykje is i fjellsider og tunnelmunningar. For den lange og kalde vinteren har gitt meir is enn vanleg.

Knuser is med jernkule

KULA: Denne jernkula dunkar laus isen i fjellsida.

Foto: Sigrid Sivertsen Haugan / NRK

Men løysinga kjem frå oven. Jernkula under helikopteret får raskt laus den farlege isen.

– Vi trur dette er kjappare og meir effektivt, for vi slepp å stenge vegen så lenge. Skulle vi ha rigga oss til med mobilkran, så måtte vi sperre vegen mykje lengre, Det er avgrensa kor lenge vi kan ha stengt, seier Indrebø.

– Kor farleg er isen som rasar ned i vegen?

Arne Indrebø

NØGD: Arne Indrebø i Mesta ser at isen forsvinn.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det er farleg om isen ramlar på bilar, for han kan treffe frontruta. Det er difor vi gjer denne jobben her no, for at trafikantar skal ferdast trygt på vegane.

Kort stenging

Etter berre eit kvart med stenging, kan fredagstrafikken gå som vanleg.

– Eg synest dette gjekk bra. Det kan komme litt smått ned, men ikkje noko som er verkeleg fare for bilistane. Men eg ber motorsyklistar vere obs framover, for de kan vere farleg om dei plutseleg køyrer inn i is som ligg på vegen.

Knuser is med jernkule

KLAR TIL OPPDRAG: Å bruke helikopter med kule under er effektivt.

Foto: Sigrid Sivertsen Haugan / NRK