Hopp til innhold

Slik kjem du deg trygt heim til jul

Dei siste dagane før julaftan skal mange komme seg frå A til B.

ekorn god jul

KVA GÅR DU FOR? Buss, båt, fly, bil, slede, framkomstmiddela er mange. Men det viktigaste er at alle kjem trygt heim til julefeiringa.

Foto: Heidi Havre

Pinnekjøt og julekaker lokkar heime, men kanskje må du forsere nokre kilometer over land, vatn eller i lufta for å komme deg dit.

Det er det også mange andre som skal samstundes som deg. Her får du tips til korleis du kan kome deg heim til jul.

1. Ekstra bussar på ekspressrutene

– Vi merkar stor pågang i juletrafikken, og det byrjar allereie no. Så vi har sett opp ganske mange ekstrabussar. Blant anna mot Oslo har vi no åtte ekstraavgangar fram mot jul for å prøve å få alle heim før julaftan, fortel Per Steinar Sviggum i Nettbuss sør.

På dei fleste ekspressbussrutene ut og inn av fylket er det mogleg å bestille billettar på nett. Det gjer at busselskapa veit kor mange reisande dei skal berekne og klarar å sette opp nok bussar til at alle får plass.

– Det er viktig at folk bestiller på nett for at vi skal få god trafikkavviking, seieer Sviggum.

Hemsedalsfjellet

HEMSEDALSFJELLET: Du kan oppleve vind og snøfokk over fjellovergangane i dagane før jul. På Vegvesenet sine webcamra kan du sjekke tilhøva over fjellet der du skal køyre.

Foto: Vegvesen.no

Per Steinar Sviggum i nettbuss sitt beste tips er å bestille på nett, og ikkje vere kresen på kva avgang du reiser med.

– No har vi nokre avgangar som er fulle, og andre som har god plass. Så om du ikkje får vere med den avgangen du ynskjer, så prøv å vel andre tider på dagen, anbefaler Sviggum.

Også Nor-Way bussekspress har ruter inn og ut av fylket.

– Det ser ut som at 22. desember er den største reisedagen, og sjølvsagt er det også god trykk 23. desember, fortel Bugge.

Her finn du bussrutene:

2. Billettar att til båt

Om du planlegg å ta vassvegen heim til jul er det gode håp for å få plass. Men også der gjeld det å kjøpe billett på nett på førehand for å vere sikker på at du kjem med.

– Vi har ikkje merka veldig stor pågang enda, så vi har ikkje sett opp ekstra båtar, fortel Bjørn Egil Søndenå i Norled.

Hans beste tips er også å handle billettane på nett før du skal ut å reise. Det er ikkje alltid dei som står på kaien for å kjøpe billettar får plass på ekspressbåtane.

– Det er ofte folk som står på kaien og skal kjøpe der. Om det er mange som har kjøpt i bookingsystemet, så veit vi ikkje om dei på kaien, forklarer Søndenå.

Det har vore forseinkingar for ekspressbåtane mellom Bergen- Sogn og Bergen-Nordfjord dei siste dagane på grunn av uvêr på kysten. Følg med på trafikkinfo hos Norled.no om du skal til sjøs.

3. I lufta

Widerøe sine propellfly skal fly folk inn og ut av fylket gjennom jula. Dei har framleis billettar att for dei som vil ta luftvegen heim til jul.

– Vi har seld flest billettar ut frå distrikta til storbyane, men det er framleis mogleg å komme seg heim frå byen, seier Catharina Solli som er informasjonsansvarleg i Widerøe.

Hennes beste tips er å gå på nettsidene for å få dei nyaste oppdateringane.

Det er meldt litt ruskete vêr dei neste dagane, men Solli trur ikkje det skal skape problem for flytrafikken.

– Det er mest låg tåke som er vår utfordring, og det er det dei fryktar no. Følya våre toler ein del vind, så vi har ikkje sett på vêrmeldingane som nokon utfordring enda, avsluttar ho.

4. I trafikken

Meteorologane har sendt ut OBS-varsel for dårlege køyreforhold over fjellovergangane på grunn av vind og snøfokk onsdag og torsdag.

Dersom du skal køyre heim til jul er det lurt å planlegge reiseruta di på Vegvesen.no/trafikk. Der kan du finne alle utfordringar med trafikken av kolonnekøyring, stengingar, føre og anna på den ruta du skal køyre.

yr.no/tekstvarsel får du nye oppdateringar kvar dag, og Meteorologane på Twitter melder ifrå om viktige vêrhendingar.

I tillegg kan du sjå på webkamera frå fjellovergangane du skal over. Der finn du bilde frå blant anna Hemsedalsfjellet og Filefjell, så kanskje dei kan hjelpe deg å komme trygt heim til jul.

Laster Twitter-innhold