Hopp til innhold

Slik jobbar dei med treet frå rot til langbord

Ståle Loftesnes gjer alt sjølv. Han vil gi tradisjonshandtverket ein plass i stovene att.

Timbla

DRENG: Timbla er ei fersk bedrift som held til på Kaupanger. Habtag Bebrensus er "dreng" hos snikkar Ståle Loftesnes. Til hausten blir han snikkar på fulltid.

Foto: Sigrid skjerdal / NRK

Furuskogen omkrinsar verkstaden nedst i Amlabukta. Der hentar Ståle Loftesnes trea som blir til langborda til firmaet Timbla.

Handverkarane er ikkje ferske, men bedrifta som lagar solide langbord i furu, fjellfuru, ask og alm er rimeleg ny på marknaden.

– Folk er opptekne av at ting skal vare lengre. Desse borda skal vare i generasjonar, seier møbelsnikkar og gründer, Ståle Loftesnes.

Timbla langbord

TRE: Langborda blir laga av fjellfuru, furu, osp, ask eller alm frå skogane kring Kaupanger.

Foto: Sigrid Skjerdal / nrk

Vil bruke tre frå eige område

Det siste sagbruket på Kaupanger vart lagt ned for nokre månader. Då var drivaren 78 år.

– Han har fungert som ein mentor for oss. Og no er vi dei siste igjen, så det er jo trist, tykkjer Ståle Loftesnes.

For nye generasjonar tek over som skogeigarar i Sogn, og tradisjonane med sagbruk held ikkje alltid følge.

Utanfor verkstaden står ei stor sag, der rundstokkane blir til emne til borda. Det er ei tradisjonell bandsag, som før i tida var vanleg å ha på gardane rund tom.

– Før skar mange opp sitt eige materiale til garden. No har mange gjerne ikkje kunnskapen om å foredle skogen dei eig. Vi jobbar saman med skogeigarar om korleis dei kan hauste dei gode trea, og få det til å bli næring att, seier Loftesnes.

For at produksjonen skal bli berekraftig, må skogeigarane sjølv hauste trea som er eigna til møbelproduksjon.

Ståle Loftesnes timbla

TIMBLA: Ståle Loftesnes vi ha med kundane på skaparprosessen. Dei kan sjølv velje kva type bord dei vil ha, kva type understell av stål og kva type tre.

Foto: Sigrid Skjerdal / nrk

På teigane til Vikingane

Over taket på utstillingsrommet er stavkyrkja på Kaupanger synleg. Den er bygd av fjellfuru, ein av treartane Loftesnes brukar i arbeidet sitt.

Det å gjere heile prosessen frå hausting av tre til pussing av bordplater på same stad, er ikkje så vanleg her i området. Det må ein nok tilbake til tida det vart bygd vikingskip og stavkyrkjer for å finne, meiner snikkaren.

– Mange av skogeigarane sel materialet vidare. Om vi produserer smått som dette, kan vi gi dei ein betre pris for tømmeret, seier han.

For Ståle Loftesnes var det bestefaren som først synte han kunsten å jobbe med treverk.

– I barndomen jobba eg på sagbruket til bestefar, og såg korleis han gjorde det. Det er mykje det same arbeidet som vi gjer. Så har eg vore ute i verda og lært om produktutvikling og jobbing med kundar. På den måten tek eg arven vidare, seier handverkaren.

Materiale

JOBB: Med fire mann i arbeid kan eit bord bli til på ein dag. Om det berre er Ståle tek det 4–5 dagar.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK