Hopp til innhold

«Du kan hevde at du har retten på di side - men det er ikkje hjelp i om du blir påkøyrd»

Kvar dag oppstår farlege situasjonar i mørkret langs vintervegane våre. NAF oppmodar både bilistar og fotgjengarar til å bruke sunn fornuft.

Vi er no inne i den mest utfordrande tida på året, med mørke vegar, svart asfalt og lite lys. Dette kan føre til utfordringar både for dei som køyrer og dei som går. Foto: Alf Vidar Snæland

SJÅ VIDEO: Det er viktig å hugse refleks når du ferdast i mørket. Foto: Alf Vidar Snæland

Øyvind Dvergsdal

VER FORSIKTIG I MØRKET: Øyvind Dvergsdal har mange gode råd både til bilistar, gåande og syklande.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I går opplevde eg at ein brått valde å krysse ut i vegen eit par meter før gangfeltet, ein syklist som heiv seg rett ut i gangfeltet og eit barn som spratt ut i vegen rett bak bussen. Felles for alle: Ingen såg seg for og ingen hadde refleks i mørket.

SMS frå lyttar

– Det er ein del som nærmar seg eit gangfelt og som brått snur over og går over gangfeltet. Dei tenkjer kanskje ikkje på at det er glatt på vegen og at bilistane har problem med å stoppe, seier senterleiar Øyvind Dvergsdal i NAF Sogn og Fjordane.

– Eit godt råd er å få blikkontakt med sjåføren før du går over gangfeltet, seier han.

Hugs refleks!

Alle som skal ferdast langs vegen, anten du går eller syklar, må hugse å bruke refleks.

– Det handlar mykje om refleksbruk og vi ser veldig mange mørkkledde personar utan refleks. Er du kledd slik, så er det omtrent som å be om å bli påkøyrd, seier han.

– Men dei gåande vil hevde at det er bilistane sitt ansvar og deira skuld om ein blir påkøyrd?

– Du kan hevde at du har retten på di side og at bilane skal stoppe, men det er ikkje hjelp i om du blir påkøyrd. Då er det den harde verkelegheita som gjeld. Då er det ei fattig trøyst at du har retten på di side, seier han.

Ønskjer reflekspåbod

Er det noko som har skremt meg fleire gongar, så er det fotgjengarar som går utan refleks i mørketida. Har sagt det før, det burde vore påbodet. Det er nærast umogleg å sjå dei når når møtande bil kjem imot.

SMS frå lyttar

Vi er midt i den aller mørkaste tida på året, med svart asfalt og lite sikt. Dette skapar ofte farlege situasjonar. Dvergsdal meiner det hadde vore bra med eit påbod om at alle skal bruke refleks i mørket.

– Eg tykkjer absolutt at det burde vore påbode med refleks på alt yttertøy. Det burde vore enkelt å få til. Om alle brukar refleks, er det ikkje problem med at det ikkje er «in», seier han.

Dette må bilistane passe på

For at bilistane skal sjå alle som ferdast langs vegen og for å ha oversikt over heile trafikkbiletet, er det ein del ting sjåførane må passe på.

– Tilpass farten etter forholda, sjekk lyktene på bilen og pass på at vindaugsviskarane er reine og viskar skikkeleg. Det er viktig å ha nok spylarvæske. Vi i NAF opplever at mange køyrer utan, og det kan bli eit problem.

Han rår også til at folk fjernar snø frå taket før dei legg ut på tur.

– Du fjernar kanskje på vindauga, men gløymer taket. Snøen vil komme fort og uventa ved ei oppbremsing og då har du brått null sikt.

Sjekk at lyktene lyser rett

Lyktene kan du teste sjølv med å parkere framfor ein vegg. For med mørk asfalt og reng er det viktig at lysa treff vegbana der den skal.

– Ta ein test og parker framfor veggen. Då ser du om lysa lyser fint og har rett innstilling. På dagens moderne bilar bør ein ikkje justere lysa sjølv, men få hjelp på ein verkstad.

– Kva er det viktigaste bilistane skal tenkje på i trafikken?

– Tilpass farten og ha god sikt. Hald frontruta fri for snø, is og belegg. Dei som syklar og går, må hugse refleks og sykkellykt for å bli sett. Gå ikkje rett ut i vegen eller gangfeltet, men vent til bilane har stoppa heilt opp, seier han.