Hopp til innhold

Slik fann Mattilsynet dyret på garden

I fjor fekk 27 personar i Norge forbod mot å halde dyr. Det kom inn 9381 uromeldingar til Mattilsynet om vanskjøtsel av dyr.

Dyretragedie

TRASIG SYN: Dette biletet tok inspektøren frå Mattilsynet på garden i Nordfjord.

Foto: Mattilsynet / NRK

I Sogn og Fjordane var det to gardbrukarar som i 2016 miste retten til å ha dyr på grunn av grov vanskjøtsel av dyra. Det kom også inn 169 uromeldingar om manglande dyrevelferd i fylket.

Dette går fram av eit skriv NRK har fått frå Mattilsynet. Det eine dyrehaldet var i Sogn, det andre i Nordfjord.

På garden i Sogn, der det var katt, hund, sau og fjørfe, vart det avdekt omfattande manglar og vanskjøtsel.

Det var manglar både ved stell, fôring, tilgang til drikkevatn og opphaldsrom for dyra. Det vart også avdekt manglande behandling av sjuke og skadde dyr. Fleire av dyra bar preg av vanskjøtsel.

Det var mange alvorlege brot over tid, og dyreeigaren viste liten vilje og evne til å rette på forholda, heiter det. Mattilsynet avvikla dyrehaldet i mai i fjor og fatta vedtak om aktivitetsforbod inntil vidare.

Sauene måtte slaktast fordi dei var utmagra.

VANSTELL: Nokre av dyra på garden i Nordfjord der eigaren har fått forbod mot å halde dyr i fem år.

Foto: Mattilsynet

Forbod i fem år

Den andre saka vart avdekt alt 2014, då Mattilsynet slo alarm og melde ein dyreeigar frå Nordfjord til politiet for vanskjøtsel. Saka som NRK har omtalt tidlegare kom for retten først i fjor. Der enda det med at gardbrukaren fekk forbod mot å ha dyr dei komande fem åra.

Der var fôringa av sauene så mangelfull at det førte til at dyra var alvorleg avmagra. Over 20 dyr vart avliva som følgje av dette. Berre to av dei kunne slaktast. Storfe gjekk på utegang og var i noko betre hald enn sauene. Men uteområdet var opptrakka og gjørmete og heilt ueigna for dei dyra som var der, heiter det mellom anna.

Hallgeir Herikstad

– MELD FRÅ! Regiondirektør Hallgeir Herikstad i Mattilsynet.

Foto: Mattilsynet

Talet på uromeldingar om manglande dyrevelferd var 9381 på landsplan i fjor.

– Det er veldig viktig at folk melder frå til Mattilsynet dersom dei har mistanke om at dyr ikkje har det bra, seier regiondirektør Hallgeir Herikstad i Mattilsynet.

Han viser til at dei mest alvorlege sakene blir melde til politiet.

– Dyreeigarar som står bak alvorleg vanskjøtsel eller mishandling av dyra sine må betale gebyr eller blir melde til politiet av Mattilsynet. Det hender at nokon får forbod mot å halde dyr, seier han.