NRK Meny
Normal

Slik er meteorologane sine tre versjonar av julevêret

Det er enno ei god veke til julaftan, og atmosfæren er i det ubeslutsomme hjørnet. Her er tre scenario for korleis julevêret kan bli.

Julelågtrykk på twitter

SCENARIO 1: Om dette varselet slår til blir det ei våt og vindfull julaftan på Vestlandet.

Foto: Meteorologene/Twitter

– Det første eg kan seie er at vi går inn i ei mild veke til og med torsdag, seier statsmeteorolog Frode Hassel frå kontoret i Bergen.

Varmt, vått og ustabilt skildrar vêret fram mot den dagen mange ynskjer skal vere kvit.

Og når vêret er ustabilt, er det ekstra vanskeleg å melde fram i tid. Meteorologane melder berre vêret ti dagar framover, og mykje kan endre seg på dei dagane.

Sjølv om varsla vinglar, er meteorologen ganske sikker på ein ting:

– Vi er rimeleg sikre på at det ikkje blir snø i låglandet på Vestlandet på julaftan, dessverre.

Kor sterk blir vinden?

Meteorologane har køyrt vêrvarslingsmodellane sine for å finne ut kva vêrscenario vi kan komme til å oppleve:

Laster Twitter-innhold

Når datamaskinene har rekna ut prognosane for korleis himmelen kan sjå ut julaftan, er det ingen av dei tre moglege resultata som lyser julevêr som vi ynskjer oss:

  1. Lågtrykk i Norskehavet gir kuling og nedbør i Sør-Noreg, og opphaldsvêr i nord.
  2. Lågtrykk gir kraftig vind på Vestlandet, nedbør i Sør-Noreg og seinare i nord.
  3. Lågtrykk ved Island. Dette scenarioet gir minst vind, men nedbør i store delar av landet.

Difor gir modellane ulike versjonar

– Av og til går atmosfæren på skinner. Uansett om det er litt feil i inngangsdataa i modellane, blir resultatet likt. Andre gonger er atmosfæren veldig ustabil, og då skal det små endringar før varselet bikkar over til ei heilt anna løysing, forklarar meteorolog Frode Hassel.

Frode Hassel
Foto: Marit Hommedal

No er atmosfæren ustabil, og då skal det lite til for at dataa kjem med ulike scenario.

Meteorologen fortel at det kan sjå ut som at vi i alle fall får kjøligare vêr når det nærmar seg vesle julaftan.

På Twitter.com/meteorologene oppdaterer meteorologane vêrvarselet når det nærmar seg julaftan, som denne tweeten 16.desember:

Laster Twitter-innhold

Dette må til for å få kvit jul

– Ei total omlegging av vêrsituasjonen må til om det skal bli kvit jul. No har vi mykje sør og sørvestleg vêr. Vi må ha total omlegging av vinden i høgda. Så eg vil seie at det er høgst usannsynleg at det blir snø i låglandet, seier meteorologen.

Men han let oss ikkje miste alt håp:

– Naturen er lunefull. Av og til overraskar den oss, avsluttar han.

Yr.no kan du følge med på julevêret sjølv, spesielt tekstvarselet er lurt å lese.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.