NRK Meny
Normal

Slik dekker NRK valet i Sogn og Fjordane

Vil du bli oppdatert i kveld? Følg valet på nett, tv og radio. Vi sender direkte frå fleire valvaker i Sogn og Fjordane.

NRK Sogn og Fjordane følgjer valet i Sogn og Fjordane direkte frå 21:30-00:30.

DIREKTE: Programleiarane Gro Ravnestad og Erlend Blaalid Oldeide gir deg alle resultata i kveld. Følg NRK Sogn og Fjordane i nett-TV og på radio frå klokka 21:30.

Vallogo

NRK Sogn og Fjordane sender direkte i nett-TV og på NRK P1 frå klokka 21.30.

Vi er på plass på Sunnfjord hotell i Førde der mange politikarar er samla til valvake. Det blir også direkterapportar frå Eid og Luster.

Vi gir deg alle resultata fortløpande, følg med på nrk.no/sf i kveld. Følg oss gjennom kvelden og få det siste om politikk og analysar – og resultat etter kvart som røystene blir talde opp.

Vi skal også inn i valsendinga på NRK1 i kveld:

  • Kl 18:15 – blir det direkterapport frå Eid på NRK1
  • Kl 18:45 – direkte i Vestlandsrevyen frå Eid
  • Kl 20:05 – direkte frå valvaka i Førde på NRK1
  • Kl 20:30-20:45: Følg valvakene i Førde, Eid og Luster i Vestlandsrevyen på NRK1
  • Kl 23:20-23:45: Direkte frå valvakene i Førde, Eid og Luster i Vestlandsrevyen på NRK1

Følg oss på sosiale medium

Du kan også følgje oss på Facebook, Twitter, Instagram og Snapchat gjennom kvelden. Søk oss opp med nrksf.

Merke gjerne bileta og innlegga dine med #nrksf eller #nrkvalg – du kan også stille spørsmål til NRK på sosiale medium med desse emneknaggane.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.