Hopp til innhold

Slik blir verdas største skipstunnel - bileta er klare

Her er dei endelege bileta av det som blir verdas største skipstunnel. Stad skipstunnel er venta å koste 2,3 milliardar kroner.

Stad skipstunnel

SKIPSTUNNEL: Slik blir opninga frå nordsida i Kjøde i Selje. Snøhetta har teikna horisontale hyller skal følgje murane i terrenget.

Foto: Kystverket/Snøhetta

– Desse illustrasjonsbileta er så nære som det er mogleg å kome slik det vil bli. Det seier prosjektleiar i Kystverket, Terje Andreassen.

Kystverket har no klart for seg korleis Stad skipstunnel vil sjå ut. Det spektakulære og omdiskuterte prosjektet blir no finpussa i eit forprosjekt, før politikarane skal ta avgjerd til våren. Stad skipstunnel skal gjere det framkomeleg året rundt for skipstrafikken som i dag går over det til tider ekstreme Stadhavet.

Bileta som no er offentlege for fyrste gong syner ein tunnel som i seg sjølv vil få arkitektonisk verdi. Velkjende Snøhetta, som mellom anna står bak Operahuset i Bjørvika, har bidrege i utforminga av det som kan bli verdas største skipstunnel.

– I eksisterande terreng er det ein del murar i jordbrukslandet. Dei murane har

Terje Andreassen framføre staden der Stad skipstunnel er planlagt

PROSJEKTLEIAR: Terje Andreassen i Kystverket jobbar med forprosjektet til Stad skipstunnel.

Foto: Pål Are Lilleheim / Kystverket

Snøhetta prøvd å ta att i portalopninga. Det blir sprengt inn horisontale hyller, så blir flatene vaiersaga. Då vil bergflata bli veldig dekorativ.

Fire hus kan måtte rivast som følgje av utbygginga. Huseigarane fekk beskjed for tre veker sidan, då kom Kystverket på heimebesøk.

– Folk vil få kompensert for den tekniske verdien på bustadane, seier Andreassen.

Stad skipstunnel

Frå sør: Stad skipstunnel sett frå Moldefjorden i sør. Fylkesvegen vil bli lagt over tunnelen i terrenget, med rasoverbygg.

Foto: Kystverket/Snøhetta

Venta å bli turistattraksjon

Med ein tunnel gjennom Stadhalvøya lengst nord i Sogn og Fjordane skal store og små båtar alltid kunne rekne med å kome fram. Lengda på tunnelen vil vere 1,7 kilometer og er venta å bli ein massiv turistattraksjon på Vestlandet.

– Det er jo vesentleg at dette er meir enn eit stygt inngrep i naturen. Det er eit jomfrueleg landskap. Det har mykje å seie at det blir brukt energi på å gjere dette tiltalande, seier Andreassen.

Stad skipstunnel

INNSIDA: Stad skipstunnel skal romme båtar med storleiken til den største hurtigruta, og blir 1,7 kilometer lang. 49 meter frå botnen til taket, og 36 meter brei.

Foto: Kystverket/Snøhetta

Kostnaden blir 2,3 milliardar kroner

I Moldefjorden kjem det sørlege tunnelinnslaget. Her kjem i tillegg ei bru over tunnelen for biltrafikken på fylkesvegen. Kostnaden på 2,3 milliardar er innanfor det som har vore venta seier Kystverket.

Stad skipstunnel

BRU: Det krevs bru og rasoverbygg over tunnelopninga i Moldefjorden i sør.

Foto: Kystverket/Snøhetta

Men trass i at det er venta mange skodelystne som vil sjå båtane gå inn i fjellet, legg ikkje Kystverket opp til å lose folk inn i tunnelen. Selje kommune har på si side planar om eit eige visningsenter.

– Der blir ein god del tilgjengeleg areal, seier Andreassen. Han er fullt klar over at skodelystne vil det bli nærmast uansett.

– Vi vil legge til rette for at det skal vere trygt for publikum å sjå tunnelen utan at dei kjem heilt inn i sjølve portalen. Den vil bli avstengd, det handlar om tryggleik.

Avgjerd til våren

Spenninga er stor blant politikarar på Vestlandet. To regjeringar har lova Stad skipstunnel, det endelege slaget står i Stortinget til våren. Kystverket har snart ferdige sitt forprosjekt og reguleringsplan.

– Vi satsar på å levere over nyttår. Då startar den politiske behandlinga og forhåpentligvis då få eit vedtak på tunnelen til påske. Tidlegaste byggestart er venta i 2019.

Kjødepollen

ENDRA: Slik ser det ut i dag, men Kjødepollen i Selje vil bli endra for alltid om skipstunnelen blir bygd.

Foto: Steinar Lote / NRK