Mange har nytta seg av det kalde, fine vêret den siste tida. Kuldegrader i fleirtal har laga fin skøyteis mange stader, og folk har strøymt til butikkane for å skaffe eit skøytepar til både seg sjølv og dei minste.
Vel rett skøytepar
For før du kan våge deg ut på spegelblank is, må du ha utstyret i orden. I Lærdal har dei lange skøytetradisjonar. Tom Stian Nundal tek oss med ut på skøytebana for å vise dei ulike skøytene ein kan velje mellom.
– Jentene vel ofte danseskøyter og gutane hockey. I tillegg kjem vanlege skøyter, både med og utan klapp, forklarar han.
Skøyteteknikken
Når skøytene er i boks gjeld det å finne den rette teknikken. Nundal forklarar at det er lurt å ha spisse kne og bøye seg framover.
Så skal skøytene skyvast ut til kvar si side for å få opp farten. Hockeyskøyter fungerer stort sett på same måten. (Sjå videoen under for meir).
I kø for å få seg skøyter
Butikksjef hjå Intersport i Sogndal, Reidar Dvergsdal har merka interessa for skøytene. Fleire storleikar har dei gått heilt tomme for.
– Det har i grunn eksplodert og vi har slite med å ha nok. I alle fall den siste tida med kaldt vêr, fortel Dvergsdal.
På Erdal G-Sport i Førde har dei verkeleg fått oppleve skøytefeberen. Enkelte dagar har det vore kø utanfor døra.
– Pågangen har vore enorm. Eg tippar at 99 prosent av alle telefonar vi får handlar om skøyter. Det er utruleg kjekt, men det begynner å gå tomt, både hjå oss og leverandørane, fortel Trude Sætre.
Også på Nordfjordeid har dei merka eit bra trykk, fortel Gudmund Vie ved Sport 1 Chatlet i Moengården.
– Vi gjekk fort tomme. Det kom litt brått på oss, så då måtte vi bestille inn meir. Det er veldig artig at det går så mykje skøyter.