I Eid kyrkje på Nordfjordeid måla Hardanger-kunstnaren Lars Kinsarvik sitt viktigaste verk i taket. Men etter over hundre år tok måleria til å verte øydelagde.
No er prosessen i full gang med å attskape dei vakre teikningane i taket.
– Det er artig å vere med på eit slikt prosjekt. Utruleg interessant, seier snikkarmeister hjå Dør og vindusvern AS, Otto Stornes.
- LES OGSÅ:
Måtte gjerast no
Kyrkjeverje i Eid, Kristen Hundeide, er stolt over jobben som vert gjort.
– Vi meiner det er unikt i landssamanheng, og det er viktig å ta vare på det for ettertida, seier Hundeide.
Han fortel at dekoren i Eid kyrkje er rekna for å vere kunstnaren Lars Kinsarvik sitt hovudverk.
– Denne målinga har lege her i over 100 år, og då er kvaliteten så dårleg vorten at viss vi skulle ta vare på det for ettertida, måtte noko gjerast no, seier Hundeide.
Årevis med lekkasjar og uttørking har øydelagt 80 kvadratmeter med takmåleri laga av den anerkjende hardangerkunstnaren Lars Kinsarvik.
– Det har vore ei vanskeleg sak å finne ut kva måte ein skulle bruke for å bevare dette. Ein har testa ut både måling på dei gamle borda og andre ting, og så enda ein opp med det vi gjer no, seier Hundeide.
- LES OGSÅ:
Beste måten å gjere det på
Lenge har fagfolk undra seg over korleis ein kan berge denne vestlandske kulturarven. Løysinga er å legge ein nøyaktig kopi over det gamle.
– Det er den beste og einaste måten å behalde Kinsarvik sin rikhaldige dekor på. Den vert liggjande på baksida. Skulle vi skrapa ned og måla opp att, måtte vi i praksis skrape vekk all den dekoren Kinsarvik har laga, seier Hundeide.
Men det er ikkje ein jobb som er gjort over natta.
– Vi har jobba med det i mange, mange månader. Vi starta i 2011 med å reinse parti. Det var ganske nedsmussa og nedsota. Så stod vi på stillas der oppe og laga fargane. Det vart langt meir omfattande enn vi hadde rekna med, seier målarmeister Kjell Arne Årseth.
Han torer ikkje svare på kor mange timar han har brukt.
– Vi har ikkje gjort noko så omfattande før, seier Årseth.
- LES OGSÅ:
Alle måleria er laga for hand
Måleria er kopierte og laga for hand, og no skal dei halde.
– Ser ein på Norge som land, så er det i kyrkja, spesielt på bygdene, at vi har noko å syne til. Difor er det viktig å ta vare på det. Vi har ikkje så mykje anna, seier Årseth.
Det nøysame og tidkrevjande arbeidet har kosta Eid kommune over fire millionar kroner.
– Etter kyrkjelova er det kommunane som er ansvarlege for kyrkjebygga. Eid kommune har teke det ansvaret, og har gjort ein gedigen jobb for å få det til. I tillegg er det inne midlar frå Norsk kulturminnefond, seier Hundeide.
- LES OGSÅ:
Trur det kjem til å halde lenge
Hundeide peikar på at det var store verdiar som var i ferd med å gå tapt dersom ingenting hadde vorte gjort.
– Sett i eit kulturhistorisk perspektiv er det hovudverket til Kinsarvik, og vi meiner det er unikt og viktig å ta vare på for ettertida, seier Hundeide.
Han trur den jobben som no er gjort, vil halde langt fram i tid.
– Eg trur det kjem til å halde. Det er svært strenge krav til både material og målinga som vert brukt, seier Hundeide.
I tillegg har ein passa på å ha ein konstant minstetemperatur i kyrkja, noko som har ført til at avflassing av måling har vorte redusert.
– Eg trur den opphavlege dekoren vert liggjande når vi får opp det vi skal no, seier Hundeide.