Hopp til innhold

Verneverdige takmåleri blir berga

Dei særs verdifulle og verneverdige takmåleria i kyrkja på Nordfjordeid skal bergast.

Kristen Hundeide

FÅR PENGAR: Kyrkjeverje Kristen Hundeide er glad over at måleria skal bergast.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Takmåleria til Lars Kinsarvik er nær 100 år gamle og har dei siste åra fått skader på grunn av forfall og manglande vedlikehald.

Kyrkjeverje i Eid Kristen Hundeide er nøgd med at arbeidet no snart skal lysast ut på anbod.

– Her ser vi måleria som Kinsarvik måla i 1914 og som no held på å gå i oppløysing.

Tydeleg forfall

Kyrkjeverje i Eid Kristen Hundeide ser på det store kyrkjetaket som er dekt med ornametikk i dragestil. Men framme i koret ser ein tydeleg forfallet, store bitar er i ferd med å flasse av.

– Dette er eit kulturminne og etter vår meining også eit nasjonalt minne.

Takmålinga er heilt spesiell, kunstnaren Lars Kinsarvik gjorde det stort ved forrige århundreskifte og Eid kyrkje vart det største arbeidet hans. Han er mellom anna kalla skaparen av «den norske stilen» i nyare treskjerarkunst.

Startar arbeidet til hausten

I årevis har det vore uvisse om takmålinga kan bergast, men no er det avklart at restaureringsarbeidet skal lysast ut på anbod.

Hundeide at det er eit krevjande og nøyaktig arbeid som krev mykje av dei som skal utføre det.

– Arbeidet blir lyst ut på anbod i løpet av våren. Vi håper å starte arbeidet til hausten. Slik det ligg an per i dag, så reknar vi med at dei investeringsmidlane kommunen har sett av i budsjettet, er nok til å gjere jobben.