Hopp til innhold

Vil oppheve fredingsvedtak etter storbrannen

Det freda anlegget Sønneva Eris hus fekk omfattande skader etter storbrannen i Lærdal. No vil fylkeskulturdirektøren oppheve vedtaket om freding og ikkje pålegge eigaren å bygge opp ein kopi av husa.

Sønneva Eris hus i brann under storbrannen i Lærdal

GJEKK TAPT: Freda Sønneva Eris Hus brann ned til grunnen under storbrannen i Lærdal. No vil fylkeskulturdirektøren oppheve fredingsvedtaket.

Foto: Jan Erikstad

Det freda anlegget, kjend under namnet Sønneva Eris Hus, bestod av eit bakeri og eit hovudhus.

Ingebjørg Erikstad

VIL OPPHEVE: Ingebjørg Erikstad.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Under storbrannen i Lærdal gjekk begge bygningane, som er freda etter kulturminnelova, tapt.

– Ikkje grunnlag for freding

Sogn og Fjordane fylkeskommune er kulturminnemynde og hovudutvalet for kultur avgjer 12. februar om bygningane skal byggjast opp att som eit freda anlegg. Fylkesdirektør Ingebjørg Erikstad rår hovudutvalet for kultur til å oppheve vedtaket.

Det som står att i dag er ein bakaromn, trappa inn til bustadhuset og delar av eine gavlveggen. Resten av bygningsmassen er å rekne som tapt.

Harald Ibenholt og Eva Moberg

SYNFARING: Harald Ibenholt og Eva Moberg vitja Lærdal like etter storbrannen.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Fylkesdirektøren (...) konkluderer med at bygningen sine antikvariske verdiar har gått tapt. Ei følgje av dette er at grunnlaget for fredinga av anlegget ikkje lenger er til stades, skriv Erikstad i tilrådinga.

– Veldig, veldig trist

Fylkeskonservator Eva Moberg og Harald Ibenholt hjå Riksantikvaren var kort tid etter brannen på synfaring for å vurdere skadane og tilstanden på det freda anlegget.

Både bustadhuset og bakeriet brann ned til grunnen.

– Det er veldig, veldig trist. Eg har stor medkjensle for eigaren og familien. Fleire generasjonar har budd innanfor dei fire veggane i dette huset, sa Ibenholt etter synfaringa.

Eigar står fritt

Fylkesdirektøren meiner at det er liten tvil om att brannen påførte dei to bygningane så omfattande skader, at dei antikvariske verdiane i anlegget er å rekne som tapte.

Det freda Synneva Eris hus

FREDAG: Slik såg Sønneva Eris Hus ut.

Foto: Arlen Bidne, Riksantikvaren

Erikstad ynskjer difor ikkje å pålegge eigaren å bygge opp att ein kopi av dei freda husa på tomta.

Om politikarane vedtek å oppheve fredingsvedtaket, står eigaren fritt til å velje kva han vil føre opp på eigedomen, så lenge det er innanfor rammene av gjeldande reguleringsplan.

Det har ikkje lukkast NRK å få kontakt med verken huseigar eller riksantikvaren for kommentar.