NRK Meny
Normal

Sleit fingeren på plass og vart toppscorar

FØRDE - KOLL 2-3 (NRK): Julie Tvinde lét seg ikkje stoppe av at ho fekk fingeren ut av ledd. Den tøffe Førde-spelaren trekte sjølv fingeren på plass og fullførte kampen.

Julie Tvinde

LET SEG IKKJE STOPPE: Julie Tvinde fekk fingeren ut av ledd, men fullførte kampen.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg blokka ein ball og plutseleg stod fingeren rett ut, så eg berre sleit den på plass, seier Tvinde.

– Du fekk fingeren ut av ledd, men fortsette å spele?

Julie Tvinde med fingeren ut av ledd

SMERTEFULL FINGER: Julie Tvinde trekte sjølv fingeren på plass, då finger gjekk ut av ledd i klampen mot Koll

Foto: Rune Fossum / NRK

– Ja, det er ganske vondt, men når du har så mykje adrenalin så har du ikkje tid til å tenke på det når du spelar.

Kapteinen på Førde-laget trassa ein smertefull finger og fullførte kampen som toppscorar med 20 poeng.

Men trass i tapper innsats frå Førde-spelarane sundag, var det Koll som trekte det lengste strået.

Nesten, men ikkje heilt

Kampen starta bra for Førde som vann 1. settet 27 -25, dei vann også tredje settet 28 – 26.

– Vi har trua der ei stund, men så berre raknar det fullstendig. Vi har ikkje nok energi til å fullføre kampen, seier Tvinde

For Koll vart for sterke. Dei vann andresettet 25–16, fjerdesettet 15–13 og det siste settet 15–10.

– Det var surt å tape 3–2 når vi var så nærme, seier kapteinen.

Julie Tvinde

LANG KAMP: Etter kampen mot Koll var Julie Tvinde tappa for energi.

Foto: Rune Fossum / NRK

For ustabile

Førdelaget spelte bra i periodar, men vart for ustabile til at det helt heilt inn mot Koll.

– Vi er for dårlege i mottak rett og slett. Det må vi berre trene meir på, mottaket er grunnlaget for alt.

Litt av forklaringa kan ligge i at Førde-jentene ikkje har spelt så mykje i lag.

– Dette er eigentleg første kampen. Vi var på ein treningsleir i Polen men der var ikkje alle med, seier Tvinde.

Lang kamp

Sundagens møte med Koll vart ein tøff kamp som strekte seg over to og ein halv time.

– Det er ganske lenge, ja.

– Eg kjenner at eg ikkje har så mykje energi igjen no, seier Tvinde.

Vil inn blant topp tre

– Vi er ganske unge, men vi har lyst til å vere blant topp tre. Vi får sjå korleis det går ut over i sesongen.

– Burde de ha slått Koll i dag?

– Ja, det burde vi ha gjort, men vi gjorde for mange personlege feil i dag.

Førde Volleyball

HELDT IKKJE HEILT I MÅL. Koll vart for sterke for Førde-damene

Foto: Rune Fossum / NRK
Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.