Hopp til innhold

Slår ring om høgskulen

Over 300 personar deltok onsdag i ei markering for høgskulen i Sogn og Fjordane.

Slo ring om Høgskulen

MENNESKELENKE: Studentar og tilsette slo onsdag fysisk ring rundt Høgskulen i fylket.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– På begge campusane, både i Førde og i Sogndal har vi dag prøvd å få til ei menneskelenke, seier Ingrid Moe Albrigtsen som er leiar i studentparlamentet.

Både studentar og lærarar deltok i markeringa klokka 12 onsdag.

– Vi vil ta vare på det vi er glade i, vise at vi er glade i høgskulen.

Over 300 personar deltok onsdag i ei markering for høgskulen i Sogn og Fjordane.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen, NRK/Falkeblikk

Eit av dei store spørsmåla no er om høgskulen skal gå i fusjonsforhandlingar med høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund. I ei fersk studentundersøking seier nær ni av 10 studentar nei til vidare fusjonssamtalar.

– Det er eit symbol, men vi har invitert folk uavhengig av om ein er for eller i mot fusjonsforhandlingane. Det handlar om å vise at vi bryr oss om høgskulen vår, seier Moe Albrigtsen.

– Og det klarte de?

– Vi klarte det. Det var utruleg kult. Vi hadde lenke heilt rundt. Vi hadde med både rektor, viserektor og direktør og mange studentar. Det var dødsartig å få til, seier Moe Albrigtsen.