Hopp til innhold

Slår alarm om tjuvfiske

– Ulovleg fiske er ei viktig medverkande årsak til manglande laks i mange norske elvar, seier Atle Hamar (V), statssekretær i Miljøverndepartementet.

Anne Rudsengen

SKUFFA: Anne Rudsengen og Nils Kvamme i Statens naturoppsyn er oppgitt over at altfor mange driv med tjuvfiske etter laks.

Foto: Julie Falck Husum / Sogn Avis

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Etter rekordmange beslag av ulovlege garn langs vestlandskysten, slår statssekretær Hamar no alarm.

– Vi må få slutt på det ulovlege fisket og har sett av fem millionar kroner ekstra til fleire kontrollar, seier han.

Så langt i år er det beslaglagt 35 ulovlege laksegarn berre langs kysten av Sogn og Fjordane, langt meir enn på same tid i fjor.

Sogn Avis omtalte saka føst.

Miljødirektoratet har avgjort at fleire vassdrag må stengje tidlegare enn vanleg på grunn av færre villaks i elvane i år.

– Rapportar frå Statens naturoppsyn viser at det er profesjonelle aktørar med nye garn og raske båtar som står bak deler av tjuvfisket. Vi ser svært alvorleg på det, seier Hamar.

Korleis skal ein få slutt på tjuvfisket?

– I tillegg til auka kontrollar er det viktig at folk som oppdagar ulovlege garn melder frå. Når ein øydelegg grunnlaget for laks i elvane, øydelegg ein også grunnlaget for laks i sjøen, seier han.

Atle hamar

UROA: Elveeigar Rolf Michelsen Bjørum i Lærdalselva og statssekretær Atle Hamar i Miljøverndepartementet (V) er uroa over nedgang i laksebestanden i mange norske elvar.

Foto: Privat

Lakselus

Forutan tjuvfiske er truleg lakselus ei medverkande årsak til at det blir færre laks i elvene. Statssekretær Hamar besøkte i Lærdal der han diskuterte problemstillinga med elveeigarar og laksefiskarar der.

– Lakserømmingar frå oppdrettsanlegg som smittar villaksen med lus er ei alvorleg sak som vi jobbar mykje med. Departementet har jamlege møter med næringa om dette, seier han.

– Korleis skal ein løyse problemet?

– Det skjer ei utvikling med lukka og landbaserte oppdrettsanlegg. Det blir også diskutert anlegg langt til havs. Det må ei strengare regulering til, seier Hamar.

Elveeigar Rolf Michelsen Bjørum er svært uroa over situasjonen i Lærdalselva.

– Bestanden av laks har gått kraftig ned dei siste åra og vi trur lakselus er ei viktig årsak til den negative utviklinga. Det er sjølvsagt også uheldig med tjuvfiske, seier han.

Skuffa over regelbrot

Anne Rudsengen ved Statens naturoppsyn i Sogn og Fjordane er skuffa over at altfor mange laksefiskarar bryt regelverket. Til Sogn Avis åtvara ho nyleg mot ulovleg fjordfiske.

– Det er ikkje lenger lov å bruke flytegarn. Alle må senkast ned til minst tre meter. Dessverre er det mange som ikkje følgjer desse reglane, seier ho.

Mange garn er heller ikkje merka med namn og telefonnummer, slik regelverket krev.

Rudsengen var nyleg på ein kontroll i Sognefjorden, der ho oppdaga ulovlege garn i Balestrand.

– Dei ulovlege garna blir dregne opp. Enkelte av sakene blir også melde til politiet, seier ho. Rudsengen oppmodar folk til å melde frå dersom dei oppdagar ulovlege garn. Ho viser mellom anna til ei eiga nettsida der ein kan melde inn tips om ulovlege garn.