Hopp til innhold

Slapp uskadde frå båtbrann

To personar slapp frå det utan skader då det tok til å brenne i ein fritidsbåt på Gloppefjorden måndag kveld.

Politiet rykte ut med personell og kalla inne ambulanse då dei fekk meldinga ved halv ni-tida.

Men då dei kom fram hadde dei to i båten fått hjelp frå ein annan båt. Dei klarde etter kvart sjølve å sløkke brannen.

Det er førebels uklart kva som er årsaka til brannen, opplyser politiet.