Hopp til innhold

- Tshaye bad ikkje Italia om hjelp

UDI hevdar Fkadu Tshaye gjorde lite for å få hjelp frå styresmaktene då dei sist vart sende ut av Norge til Italia sist haust.

Simon og faren Fkade i Bari

Simon og Far hans på gata i italienske Bari.

Foto: Bert Degreave

Protestane har vore høglytte mot at eritreiske Simon (10) og far hans Fkadu, som bur i Florø, igjen blir sende ut av landet .

- Bad ikkje om hjelp

Kommunikasjonsdirektør Bente Engesland i UDI seier Fkadu aldri tok kontakt med italienske styresmakter, medan dei i fjor haust budde under open himmel i ein park.

- Italienske styresmakter seier til oss at Simon sin far ikkje har registrert seg hos styresmaktene i Bari, og det er det vi må forhalde oss til. Det er viktig at Simon sin pappa blir registrert der, fordi Italia har sagt ja til både Simon og faren hans, og gir dei opphaldsløyve, fortel Engesland.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER TV-INNSLAGET)

Video nsps_upload_2009_9_14_18_27_2_1514.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Fekk opphaldsløyve

Ei slik registrering skal ifølgje UDI sikre Simon og far hans ein stabil og trygg kvardag i Italia, som var det første landet dei to flyktningane kom til. Her skal dei også ha fått opphaldsløyve ifølgje UDI. Difor er det til Italia Simon (10) og far hans skal sendast når søknaden om opphald i Norge blir avslått.

- No vil det vere slik at mange meiner Norge har eit betre tilbod, men det betyr ikkje at alle som ønskjer det får bli i Norge, seier Engesland.

- Han bad om hjelp

Kåre Leif Hollevik i Støttegruppa for Simon meiner på si side at Fkadu Tshaye har bede italienske styresmakter om hjelp.

- Vi veit konkret at far til Simon tok kontinuerleg kontakt med italienske styresmakter, men fekk ikkje hjelp til verken skulegong eller noko form for opphald, seier Hollevik.

- Dersom Simon sin pappa meiner at han har oppsøkt styresmaktene utan å få hjelp, så bør han opplyse om det i klagen. Men han har rett til å få hjelp, seier Engesland.