Hopp til innhold

Sandberg provosert i Simon-saka

Frp og Per Sandberg får skulda for at Simon (10) og far hans blir sende ut av landet.

Hollevik

Kåre Leif Hollevik reagerer med vantru etter at UDI vil sende eritreiske Simon og faren hans ut av landet.

Kåre Leif Hollevik i aksjonsgruppa i Florø meiner stortingspolitikar Per Sandberg (Frp) regisserer i kulissane for å få UDI til å fatte dei vedtak som partiet ynskjer.

- Har eit nøytralt system som skal ivareta born og born sine rettar. Men så har vi eit politisk bakteppe med ei aggressiv Frp-gruppering og ein utruleg feig regjeringskonstellasjon.

Provosert Sandberg

- No tykkjer eg at Per Sandberg ikkje skal få regissere i bakgrunnen kva UDI fattar av vedtak. No må andre politikarar kome på bana og seie at "vi ynskjer ikkje at barn skal bli behandla på ein så vilkårleg måte", legg Hollevik til.

Sandberg blir provosert av påstandane.

- Eg høyrer kva som blir sagt, men då rår eg Hollevik og aksjonsgruppa til å ta seg eit kurs i korleis dette fungerer. Hadde det berre vore slik at underteikna kunne påverke i desse vedtaka, så hadde mange vedtak vore gjort om, seier han.

- Italia har ansvaret

Per Sandberg

Frp-politikar Per Sandberg blir provosert over skuldingane om å 'trekkje i trådane' i asylsaker.

Foto: Scanpix/NRK

Sandberg seier han ikkje har anna påverknadskraft enn uttalane han kjem med i høve lovverket. Han meiner problemet er alle som har møtt Simon og far hans med lovnadar om å få bli i landet. I strid med Dublin-konvensjonen.

- I denne saka har det vore klart heile vegen at Dublin-konvensjonen skal virke. Då er det førsteinstansland som skal ha ansvaret. I dette tilfelle Italia, seier Sandberg.

Har ikkje søkt asyl

Hollevik avviser at Simon og far hans har søkt om asyl i Italia.

- Då dei hausten 2007 kom til sørkysten av Italia vart dei avkrevd fingeravtrykk mot mat og drikke, plassert to månadar i ein interneringsleir der kravd personalopplysningar og overlatt til seg sjølve på ein togstasjoni Bari. Etter interneringsleiren fekk dei ei stadfesting på at dei har løyve til å vere i Italia, seier Hollevik.

- Må bryte med Italia

- Etter at dei fekk det gule kortet, hamna dei fem månadar på ein søppelhaug, og fekk ikkje tilbod om skule, bustad eller støtte. Difor reiste dei til Norge, held Hollevik fram og meiner Norge bør bryte Dublin-samarbeidet med Italia.

- Simon-saka er eit klart døme på at ein ting er å inngå ein konvensjon, ein annan ting er å oppretthalde barnekonvensjonen som står over norsk lov, seier han.

Ser at dere har nettsaker ute om Simon og hans far. Vi minner om tilsvarsretten og har følgende å melde angående vårt vedtak:

UDI om saka

Norge er eit av fleire europeiske land som har eit samarbeid som blant anna betyr at personar berre kan få asyl i eit land.

- Simon og faren hans har begge opphaldsløyve i Italia. Når dei kjem til Italia, bør dei ta kontakt med italienske styresmakter så dei kan få hjelp til å få ein stad å bu, skulegang og eit stabilt og trygt liv, seier Hanne Jendal i asylavdelinga i UDI.

- Vi kan dessverre ikkje gå meir inn i detaljane i saka siden dette er teiepliktige opplysningar. Faren til Simon kan gi oss lov til å seie meir, og viss han gjer det kan fleire sider av saka komme fram.