Hopp til innhold

Aksjon for ni år gamle Simon

Støttegruppa for den ti år gamle asylsøkjaren Simon i Florø har ikkje gitt opp kampen.

Kåre Leif Hollevik

Kåre Leif Hollevik, leiar i aksjonsgruppa.

Foto: Simon Solheim/NRK

Torsdag inviterer dei alle landets kommunar til å markere avsky mot regjeringa si behandling av Simon Thaye.

Det vil bli markeringar i Florø med apellar mot det støttegruppa meiner er ein administrativ forakt mot born på flukt.

(Artikkelen held fram under biletet...)

Simon (9) og Fkadu i Florø kyrkje

Simon (9) og pappa Fkadu Thaye var i kyrkjeasyl i Florø tidlegare i år.

Foto: Simon Solheim / NRK

– Nok ein gang har UDI og UNE ikkje vist vilje til å opne saka til Simon for å realitetsbehandle den som ein asylsøknad. Måten Simon nok ein gang er blitt hersa med sjokkerer støttegruppa som no markerer avsky, seier Kåre Leif Hollevik i aksjonsgruppa.