Hopp til innhold

Skulebussar får køyre utan belte

16 skulebussar i fylket får lov til å køyre rundt utan setebelte. Dette reagerer Trygg Trafikk på.

Belte i buss

FÅR DISPENSASJON: 16 skulebussar i fylket får køyre skuleborn utan å ha setebelte.

Foto: Rune Kjær Valberg / NRK

Reglane seier at alle skulebussar no skal ha setebelte, men Samferdsledepartementet har likevel gitt dispensasjon frå dette fram til slutten av året. Bakgrunnen er for høge kostnader for dei som driv skulerutene. Dette meiner Harald Heierås i Trygg Trafikk er tull.

– Når det snakk om born og tryggleik, så tykkjer eg ikkje dei skulle gi dispensasjon. Fylkeskommunen bør ta dette på alvor, seier han.

Gir dispensasjon

Alle skulebussar skal ha bilbelte og sitjeplass frå første juli. Dette har Samferdselsdepartementet bestemt.

Likevel har same departement gitt busselskapa som driv skulerutene for fylkeskommunen, dispensasjon til å bruke 16 bussar utan bilbelte.

– Dette har samanheng med at vi jobbar med anbodsutlysing av bussruter, seier nestleiar Ole Ingar Hæreid hos samferdsleavdelinga hos fylkeskommunen.

Vil koste for mykje

Fordi bussrutene snart skal ut på anbod, vil det koste busselskapa urimeleg mykje å oppgradere dei gamle bussane meiner dei.

– Det er store kostnader for ettermontering og det er noko også departementet har peika på. Det er urimeleg og lite samfunnsøkonomisk lurt, seier han.

Harald Heierås i Trygg Trafikk tykkjer det er ein dårleg unnskyldning og meiner det allereie burde vore med i dei tidlegare anboda.

– Alle fylkeskommunane har hatt rikeleg med tid til å innarbeide dette i anboda sine. Eg tykkjer det er lettvint og dårleg unnskyldning.

Gjeld reservebussane

Willhelm Gjertsen som er økonomisjef i Firda Billag, meiner at dette burde gå greitt, og påpeiker at bussane det er snakk om berre er reservebussar.

I hovudsak er alle rutene dekka av bussar med setebelte. Unntaket er reservebussane vi må setje inn når bussar er ute for til dømes service, seier han.