Hopp til innhold

Alle skulebussar skal få bilbelte

Frå neste år skal alle bussar som køyrer skuleelevar ha bilbelte.

Belte i buss

BELTE: 20 millionar trur regjeringa det vil koste å få bilbelte i alle skulebussar.

Foto: Rune Kjær Valberg / NRK

Ei oppteljing i 2011 viste at berre i Sogn og Fjordane var det 50 skulebussar utan setebelte.

Det har i mange år gjort både foreldre og elevar bekymra.

No viser lekkasjar frå statsbudsjettet at pengar for å få belte montert i bussane er på veg.

Tryggare skuleveg

Fylkeskommunane vil få 20 millionar kroner til å få på plass bilbelte i skulebussar.

– Frå og med neste år så skal alle ungar vere skikkeleg sikra når dei vert køyrde til og frå skulen, seier stortingspolitikar for Senterpartiet, Erling Sande.

Sande meiner det er på tide at det kjem bilbelte i alle skulebussar.

– Det er trygt for mange foreldre å vite at ungane er sikre når dei reiser til og frå skulen, seier Sande.

Uklare kostnader

Det er uvist kva det vil koste å få på plass bilbelta.

Erling Sande i SP

STORTINGSPOLITIKAR: Erling Sande meiner det er på tide at alle skulebussar får bilbelte.

Foto: Scanpix

– Der det har vore gjennomført allereie ser vi at det har vore ganske små kostnader. Dette heng i hop med at mange ruteselskap har nye bussar etter kvart, og der er det setebelte, forklarar Sande.

– Forhåpentlegvis så er ikkje dette snakk om dei store midlane, men uansett løyver regjeringa 20 millionar kroner årleg for at ein skal kunne dekke utgiftene.