Det skal bli slutt på at elevane ved dei vidaregåande skulane tek seg ein blås i friminutta. Men Firda vidaregåande skule på Sandane startar ikkje med å setje ned eit røykeforbod. I morgon gjer skulen det motsette og delar ut gratis sigarettar.
Frukt eller sigarettar
Først skal alle elevane sjå førestillinga "Lær å røyke", som tek i bruk ironi i kampen for å få elevane til å stumpe røyken. Deretter troppar lærarane opp på røykehjørnet og gjev elevane valet mellom gratis sigarettar eller frukt og grønsaker. - Vi gjer dette for å skape blest om kampanjen, seier rektor Ragnar Eimhjellen. Han seier det er viktig at elevane får eit val i staden for eit forbod tredd nedover hovudet.
- Nyttar ikkje med forbod
Elevane ved skulen har sjølve vore med på utforminga av handlingsplanen mot røyking på skulen. Dei har fått med seg både lærarar og administrasjon på at det ikkje nyttar å starte med eit forbod. John Ivar Olsen er ein av elevane som har vore med på å planleggje starten på kampanjen som skal få skulen røykfri. Han trur ikkje det nyttar med skremslekampanjar om kor skadeleg røyking er.
Skulen understrekar at det berre er elevar som har fylt 18 år som får sigarettar.