Hopp til innhold

Statsministeren blir skulda for feilinformasjon

Statsminister Erna Solberg (H) kjem med alvorleg feilinformasjon om Sogn og Fjordane fylkeskommune. Det meiner fleire politikarar i fjordfylket.

Erna Solberg spørretimen

– FEILINFORMERER: Statsminister Erna Solberg (H) blir skulda for å feilinformere om Sogn og Fjordane fylkeskommune sin framtidige økonomi.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Sist veke fekk Solberg spørsmål om dei store framtidige kutta i økonomien til fylkeskommunen i Sogn og Fjordane. Svaret hennar har fått fleire til å reagere.

Der sa nemleg ministeren at fylket har visst om og budd seg på dei framtidige kutta på heile 235 millionar kroner.

Fylkesvaraordførar Jenny Følling frå Senterpartiet meiner dette er ille å høyre på.

– Eg synest det er hårreisande at statsministeren frå Stortinget sin talarstol kan informere så feil, seier Jenny Følling tydeleg frustrert.

Kan føre til drastiske samferdslekutt

Regjeringa har lagt opp til eit nytt inntektssystem for fylkeskommunane, noko som vil slå hardt ut i Sogn og Fjordane.

Allereie frå neste år blir pengepotten fylkespolitikarane rår over mindre, og frå 2019 vil Sogn og Fjordane fylkeskommune har 235 millionar kroner mindre i budsjettet kvart år.

Følgjene kan bli både stogg i vegbygginga og nedlegging av endå fleire vidaregåande skular i Sogn og Fjordane.

(Artikkelen held fram under)

Jenny Følling

ILLE: Fylkesvaraordførar for Sp, Jenny Følling, meiner det er ille å høyre på at statsministeren kjem med det ho meiner er feilinformasjon frå Stortinget sin talarstol.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Har visst om dette

Saka er no til handsaming i Stortinget, og sist veke fekk statsminister Erna Solberg spørsmål om forslaget.

Stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane Venstre, Sveinung Rotevatn, spurte ministeren om ho trudde fylkeskommunen var i stand til å takle ei slik omlegging.

– Heldigvis har Sogn og Fjordane fylkeskommune vore ein av fylkeskommunane som har visst om dette og difor har sett av pengar og vore klar over at dei i inntektsystemet som har vore, har fått meir pengar enn dei truleg vil få i framtida. Difor er det slik at driftsoverskotet i Sogn og Fjordane fylkeskommune er ganske stort. Det meiner eg har vore ei klok avgjerd. svarte Solberg mellom anna.

– Det er ikkje slik

Sveinung Rotevatn

SKUFFA: Sveinung Rotevatn (V) er skuffa over Høgre-statsministeren sitt svar.

Foto: Alf Vidar Snæland

Fylkesvaraordførar Jenny Følling likar svært dårleg det svaret, og heller ikkje Venstre-politikar og mannen bak spørsmålet, Sveinung Rotevatn er spesielt nøgd.

– Eg synest svaret frå statsministeren på utfordringa mi var overraskande svakt.

– Det er ikkje slik at fylkeskommunen i Sogn og Fjordane har opparbeidd seg store budsjettoverskot, og det er ikkje slik at fylkeskommunen har visst at det kom til å kome så store endringar i inntektssystemet som det gjer no, seier Rotevatn.

«Kunstig høgt»

Men statssekretær Sigbjørn Aanes ved Statsministeren sitt kontor avviser at dei feilinformerer. Han viser til at Sogn og Fjordane sitt store rekneskapsmessige overskot.

– Eg konstaterer berre at driftsoverskotet i 2012 var på godt over 12 prosent, noko som er langt over det som er i andre fylke, seier Aanes.

Påstanden, som også tidlegare har vore framsett av kommunalminister Jan Tore Sanner, har blitt imøtegått fleire gonger av fylkespolitikarane og administrasjonen.

Dei viser til at årsaka til at driftsresultatet dei siste åra blir rekneskapsmessig kunstig høgt er fordi fylket tok over bygginga av Bremanger 2 og Dalsfjordbrua frå Staten.

Meiner dei har visst det meste

Jenny Følling seier fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane har teke høgde for eit nedtak dei neste fem åra på 50 millionar kroner, og tilbakeviser at dei har visst at fylket kunne tape over 230 millionar kroner.

– Det har vi på ingen måte visst, seier ho.

Men ved Statsministeren sitt kontor meiner dei å vite at fylkeskommunen har visst det meste.

– I Sogn og Fjordane har ein sagt at ein har venta at inntektene skulle gå ned, seier Aanes.

– Men då snakka vi om 50 millionar kroner, og ikkje 235 millionar kroner, det er ein skilnad?

– Ja, men det har Sogn og Fjordane sjølv teke høgde for. Eg trur det er krevjande viss regjeringa heile tida skal halde seg til korleis andre tenkjer det skal bli. Det riktige er at Sogn og Fjordane har fått mykje meir pengar enn det til dømes Møre og Romsdal og andre nabofylke har, seier statssekretæren.