Hopp til innhold

Skuldar nordfjordingane for plagiat

Konkurrent på Voss skuldar Nordfjord Kjøtt for å bruke likt design på emballasjen på Vossakorven.

Geir Egil Roksvåg

AVVISER: Dagleg leiar i Nordfjord Kjøtt, Geir Egil Roksvåg, seier til BT at han vil setje advokat på saka der han vert skulda for å kopiere utsjånaden på emballasjen på Vossakorven.

Foto: NRK

– Dei har lagt designen så tett opp til produktet vårt som mogleg, og det er langt over streken, seier styreleiar Willy Roger Jacobsen i Vossakjøt til Bergens Tidende.

Han reagerer på at kjøtprodusenten i Loen har tatt i bruk raudt og svart på emballasjen på Vossakorven. Dette er same fargen som vossingane har brukt i sju år.

Han skuldar Nordfjord Kjøtt for å ta seg til rette, og krev at dei endrar utsjånaden på emballasjen.

Dagleg leiar i Nordfjord Kjøtt, Geir Egil Roksvåg, avviser skuldingane, og seier at dei ikkje kjem til å endre designen. Han viser til at dei har brukt desse fargane sidan bedrifta vart starta i 1961.

– Fargetonane og skrifttypane er ikkje like. Dei er heller ikkje noko som Vossakjøt eig, seier han til Bergens Tidende.