NRK Meny
Normal

Skuldar kraftbransjen for rapportjuksing

Naturvernforbundet skuldar kraftbransjen for å med vilje velje konsulentar som overser naturverdiar, for å kunne går vidare med kraftutbygging. Ein dryg påstand, parerer bransjen.

Gjengedalsfossen

STOR SPLID: Her ved Gjengedalsfossen i Hyen i Gloppen kan det bli bygd ut kraftverk, men fleire meiner det vil ta drepen på naturverdiar i tilknyting til fossen.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

– Det er ikkje tvil om at di mindre verdifull natur kraftverka klarar å oppdage, di større sjanse har dei for å få løyve til utbygging. Vi fryktar at ein vel konsulentar som ikkje er så flinke til å finne viktige naturverdiar, for di meir enn finn di mindre er sjansen for å få løyve.

Det seier leiar i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken. Han hevdar dei i mange tilfella har sett grov underrapportering i mange utbyggingssaker. Difor vil han ha meir kontroll frå myndigheitene si side.

Gjorde eigne undersøkingar

I Hyen i Gloppen kommune har Sogn og Fjordane Energi (SFE) søkt om ei stor kraftverksutbygging av Gjengedalsvassdraget som skal motsvare 7500 husstandar i året.

Lars Haltbrekken

NÅDELAUS: Lars Haltbrekken i Naturvernforbundet går hardt ut mot kraftbransjen.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Det er kraftselskapa sjølv som har ansvaret for å kartleggje det biologiske mangfaldet i områda. Det har SFE og konsulentfirmaet Sweco gjort, men Naturvernforbundet meiner SFE i sine rapportar har undervurdert naturverdiane i vassdraget.

– Vi har fått utført ein uavhengig rapport som syner at naturverdiane er betydeleg større og at konsekvensane av denne vasskraftutbygginga vil vere svært negativ for naturen i dette området, seier Haltbrekken.

– Heilt uhaldbar påstand

Ifølgje Naturvernforbundet sin rapport lever det over 200 artar mose og lav, inkludert rødlista og truga artar, i tilknyting til Gjengedalsfossen. Haltbrekken meiner dette er informasjon som med vilje er heldt vekke frå kraftselskapet sin eigen rapport.

Men i konsulentfirmaet Sweco, som har utarbeidd denne rapporten, er dei heilt usamde.

– Dette er ein påstand som eg meiner er heilt uhaldbar, seier avdelingsleiar Per Ivar Bergan.

Erik Solheim i Naturvernforbundet

VIL IKKJE HA KRAFTVERK: Erik Solheim i Naturvernforbundet er ein av dei som fryktar konsekvensane av utbygging av Gjengedalsvassdraget.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

Med dagens system er det utbyggar som betalar for slike rapportar.

– Men å ut frå det trekkje konklusjon om at vi kjem med konklusjonar som gagnar den som betalar, det er ein veldig dryg påstand. Vi har veldig høgt fokus på etisk standard i Sweco, og vi er medvitne på vårt ansvar på alle måtar.

Vil ha strengare krav

Konserndirektør for produksjon i SFE, Ola Lingaas, meiner skuldingane er hårreisande.

– I Gjengedalsvassdraget er åtte breie fagtema godt og grundig undersøkt i samsvar med regelverket. Det som blir lagt fram frå Naturvernforbundet rokkar eigentleg ikkje ved hovudkonklusjonen slik vi ser det.

Lars Haltbrekken og Naturvernforbundet har likevel lagt fram sin rapport for NVE i Oslo. Haltbrekken meiner det bør bli stilt strengare krav til kvaliteten på arbeidet med å undersøke naturverdiar.

– Og vi meiner at det ikkje berre kan vere opp til kraftselskapa å velje kva firma dei skal bruke, men her må det inn godkjenningar frå NVE og myndigheitene si side.

NVE skal truleg ta stilling til dette før sommaren.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast