Veterinærane vart sagde opp i fjor sommar og hadde håpa å få kommunen dømd for usakleg oppseiing. Den eine av dei to, Rasmus Felde, tok dommen tungt.
- Vanskar med å flytte
Rasmus Felde
Rasmus Felde og den andre dyrlegen i Fjaler hadde håpa å få kommunen dømd for usakeleg oppseiing, og at dei skulle få jobbane tilbake. Men Ytre Sogn tingrett frikjende Fjaler kommune på alle punkt. Kommune sparar 230 000 kroner på å sparka dei to veterinærane, som begge er i slutten av 50-åra og som har arbeidd for kommunen i 30 år.
- Vi er i ein alder og ein livssituasjon som gjer at vi har vanskar med å flytte på oss, så fastgrodde som vi er på alle vis, seier Felde. - Vi vert verande her likevel, og då har kommunen to røynde dyrlegar tilgjengeleg, utan å måtte betale for det.
Arve Helle
Dårleg økonomi
Ordførar i Fjaler kommune, Arve Helle, seier heile saka botnar ut i frå kommunen sin økonomi. Helle og Fjaler kommune vann arbeidsrettssaka, men triumferer ikkje. - Det er ei kjedelig sak, men vi må snu kvar ein stein for å få økonomien i balanse, seier han.