Algrøy meiner næringa saman med fylkeskommunen hadde presentert ein god pakke for høgskulen, og er skuffa over at styret likevel valde å legge ned studiet.
Bryt samarbeidet
Bjørn Hollevik i Bedriftsnettverket i Sogn og Fjordane gav klår melding etter nedleggingsvedtaket om at dei no kuttar samarbeidet med Høgskulen i fylket. Bedriftsnettverket omfattar 75 verksemder og hadde lova 2 millionar kroner årleg i fem år for å sikre vidare drifta av aquakultur-studiet.